
Grafiske symbol i bildebøker
Denne veilederen vil hjelpe deg når du skal lese bøker med grafiske symbol til ASK-språklege barn, samt vise deg korleis du kan sette grafiske symbol til andre bøker.
Innhold
-
Korleis invitera born til aktiv deltaking i lesestunda Det kan vere krevjande for ASK-språklege barn å ta del i samtale i lesestunda, spesielt når det er fleire barn til stades samstundes.
-
Lesing av bøkene og bruken av dei grafiske symbola Bøkene skal lesast på same måte som bøker utan grafiske symbol. Du skal både svare på spørsmåla som barna har, og bekrefte det dei blir opptatt av når du les.
-
Slik er bøkene symbolsett Når du les for barn opplever du sikkert at dei kommenterer og stiller spørsmål, både til bileta i boka og til det du les.
-
Grafiske symbol i bildebøker Denne veilederen vil hjelpe deg når du skal lese bøker med grafiske symbol til ASK-språklege barn, samt vise deg korleis du kan sette grafiske symbol til andre bøker.
-
Å sette symbol til andre bøker Har barnet ditt ei favorittbok? Då er sjansen liten for at den også finst med grafiske symbol. Men du kan lage slike bøker sjølv.
-
Kvifor er det er viktig å lese bøker? Å bli lest for gir mange gode gevinstar. I denne teksten vil du finne meir kunnskap om kvifor det er viktig å lese for alle barn, både i barnehagen og heime.
Om bildebøkene
Statped har gjeve ut seks bildebøker med grafiske symbol, i samarbeid med Cappelen Damm. Dei symbolsette bøkene passar for barn i barnehagealder. Nokre av bøkene passar også til eldre barn som er tidleg i språkutviklinga. De seks barnebøkene er:
- Kaptein Sabeltann – Ai, Ai Kæpten!
- Iver og hulen
- De tre Bukkene Bruse
- Karsten og Petra – Duestien barnehage
- Fiat og farmor
- Den vesle dachsen er sulten
Bøkene kan lånast på eit av biblioteka i kommunen, eller dei kan kjøpast frå Cappelen Damm.
Statped har fått løyve frå Tobii Dynavox til å nytte PCS symbol i bøkene.