Til hovedinnhold

Bruk av statped.no

Om statped.no

Målgruppe

Innhaldet på statped.no er for deg som har personleg interesse for Statpeds fagområde, eller som er direkte knytt til desse. Over 80 % av dei som bruker nettstaden, er pedagogar, foreldre og medarbeidarar i pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).

Mål

Statped.no formidlar spesialpedagogisk kunnskap til målgruppa. Innhaldet viser oppgaver som målgruppen har, og som Statped bidrar til å løyse. Nettstaden tilbyr verktøy, rettleiingsmateriell og læringsressursar som målgruppa kan bruke for å løyse eller komme vidare med eigne utfordringar. Målet er at målgruppa bruker Statpeds kunnskap til å bygge eigen kompetanse.

Formål

Målgruppa kjem til statped.no fordi dei har ei oppgåve eller utfordring som dei vil løyse, og som dei eller ein søkemotor trur at dei kan få svar på her. Formålet med nettstaden er å bidra til at personar med særskilde opplæringsbehov skal oppleve meistring.

Universell utforming

Oppgåva vår er å forklare. Derfor skriv vi allment, nøkternt og konsist. Vi legg opp til treff i søkemotorar ved å bruke relevante søkeord og si det viktigaste først. Dette for at så mange som mogleg skal få nytte og glede av innhaldet på nettstaden.

Du kan bruke teknologi som du sjølv føretrekk, for å få tilgang til innhaldet. Du får same tilgang til statped.no om du bruker PC, Mac, nettbrett, mobil/smarttelefon eller leselist, og du kan bruke den skjermleseren du sjølv vel.

Statped.no gjer deg ikkje avhengig av teknologi på nettstaden. Funksjonalitet for å forstørre tekst (forstørringsprogram), skifte skrift- og bakgrunnsfargar, talesyntese og omsetjing følger med plattformer du sjølv vel å bruke.

Side 2 av 5