Legg til rette i engelsk munnleg

Å lære engelsk, spesielt engelsk munnleg, kan vere krevjande for ein elev med nedsett høyrsel. Dette bør du fokusere på.

Om ein elev ikkje oppfattar alt som blir sagt, eller kva eleven sjølv seier, vil det vere utfordrande å lære seg eit nytt språk. 

Har du ein elev med nedsett høyrsel, bør du fyrst setje deg inn i høyrselstapet til akkurat denne eleven. Det kan du gjere ved å lese papira til eleven. Viss eleven bruker høyreapparat eller har cochleaimplantat (CI), må du ta omsyn til at sjølv om teknologien bidreg til at eleven får betre tilgang til lyd, vil eleven aldri ha normal høyrsel.

Elever rekker opp hånden i klasserom
KVIER SEG: Mange elevar med nedsett høyrsel er usikre på om dei uttalar engelske ord riktig. Derfor kan dei kvi seg for å delta i klasserommet.

Start med å få oversikt og kunnskap om eleven sitt audiogram. Dette kan gi informasjon om kva slags frekvensar eleven kan ha utfordringar med å oppfatte. Audiogrammet gir informasjon om kva slags språklydar som kan vere ekstra vanskelege for eleven å høyre. Det kan vere ulikt på norsk og engelsk, då språklydane i de to språka ligg i ulike frekvensområde.

Øv på munnstilling og uttale

Noko av det som kan vere spesielt utfordrande for ein elev med nedsett høyrsel, er dei engelske språklydane. Desse skil seg frå dei norske på nokre område. Det er viktig å vere bevisst på utfordringane som dette kan by på for ein elev med nedsett høyrsel som skal uttale ord riktig. 

Det er ikkje uvanleg at elevar med nedsett høyrsel kvier seg for å snakke engelsk. Dette skjer gjerne fordi ein elev er usikker på om eleven uttaler orda riktig eller annleis enn medelevane. Ein eldre elev kan ha hatt uheldige erfaringar med dette frå tidlegare.  

Det er derfor viktig å begynne tidleg med å øve på munnstillingar og korleis ein uttaler ulike språklydar. På den måten blir eleven tryggare på uttalen. Eit nyttig verktøy i ei slik øving kan vere å bruke ein spegel slik at eleven betre kan sjå si eiga munnstilling.

Det engelske alfabetet har 26 bokstavar, men heile 44 språklydar. Dermed er det, i tillegg til riktig munnstilling, viktig å øve på korleis eleven skal uttale språklydane. Eit nyttig verktøy i dette arbeidet er engelsk lydskrift. Det er også lurt å fokusere på uttalereglar i engelsk for desse elevane. Alle elevane i klassen vil ha nytte av og kan med fordel jobbe med dette.

I Oxford student´s dictionary finn du stavemåte og lydskrift både for britisk og amerikansk engelsk uttale.

Gode lys- og lytteforhold

Å lære språk er noko ein elev gjer best i samspel med andre. Elevar med nedsett høyrsel bruker ofte synet aktivt for å lese på munnen til dei som taler. Mange språklydar ser like ut på munnen, som til dømes orda «lice» og «life». For å kunne gjere seg nytte av munnavlesning som strategi, er det avgjerende at du meistrar språket og er kjend med temaet det snakkast om, samt at det er gode lys- og lytteforhold. Elevar med høyrselstap kan ikkje vente seg å kunne stole på høyrselen ålene når dei driv med lytteoppgåver på engelsk. Derfor er det viktig at dei i tillegg får utdelt tekst til det dei skal lytte til.

Sørg for at engelskopplæringa er i eit undervisningsrom der det er

Les også om Slik legg du til rette i klasserommet for elevar med nedsett høyrsel.

Mann taster på mobil

Trenger du spesialpedagogisk veiledning?

Vår spør oss-tjeneste drøfter og veileder om spesialpedagogiske utfordringer. Tjenesten er primært rettet mot PP-tjenesten, men vi tar også imot henvendelser fra barnehage, skole og andre. Vi kan veilede foreldre om det spesialpedagogiske støttesystemet.