Utviklingshemming og autisme – tilrettelegg for elevar
Tilrettelegg for elevar med utviklingshemming og autisme med å ha ein god struktur på skoledagen, ver fleksibel og improviser når det trengst.
Utviklingshemming og autisme er vanskar som forsterkar kvarandre. Derfor kan ein elev som både har utviklingshemming og autisme – samanlikna med andre barn og elevar –
- ikkje så lett forstå sosiale situasjonar overordna og samla
- oppleve omgivnadene sine som lite samanhengande
- ha større utfordringar med å tilpasse seg til omgivnadene
- reagere mindre på sosial påverknad
Tilrettelegg individuelt
Elevar med utviklingshemming og autisme er svært forskjellige. Graden av utfordringar kan variere mykje. Kvar elev har sin eigen personlegdom og sitt eige temperament, og kvar enkelt har forskjellig toleranse, til dømes for støy frå omgivnadene. Nokre kan trivast med å ha delar av undervisninga saman med klassen. Andre må kanskje ha heile eller store delar av skoledagen i mindre grupper eller med eit individuelt program.
Skap ein meiningsfylt skoledag
For mange elevar med utviklingshemming og autisme er det svært vanskeleg – ja, kanskje umogleg – å delta i aktivitetar og jobbe med oppgåver som eleven ikkje interesserer seg for.
Likevel kan du skape ein meiningsfylt skoledag for ein elev med utviklingshemming og autisme:
- Ta utgangspunkt i kva eleven allereie er interessert i og engasjerer seg for
Finn ut meir med Interessekartleggingsskjema – for læring og trivsel - Planlegg skoledagen med utgangspunkt i aktivitetar du ser at eleven verdset
Sjølv om eleven har lesing og skriving som læringsmål, er det ikkje sikkert at du kan jobbe direkte med dette i skoletimane. Kanskje må du gradvis introdusere skriftspråket i andre aktivitetar, til dømes på ein tur. - Lag dags- og aktivitetsplanar
Planar stør eleven i å få oversyn og sjå sammenheng mellom aktivitetar gjennom skoledagen og veka. Elevar med autisme har ofte visuell orientering som ei sterk side, men kan ha vanskar med å forhalde seg til munnleg informasjon og beskjedar. Det er lett å undervurdere eleven sine behov for og nytte av visuelle planar.
Møt eleven sine varierande interesser
Det kan vere krevjande å gjennomføre ein skoledag for ein elev med utviklingshemming og autisme. Kva eleven er interessert i, varierer gjerne over tid. Når eleven kjem på skolen og ikkje viser interesse eller engasjement for dei planlagde aktivitetane, kan det vere svært vanskeleg å gjennomføre dei.
Her er tips til korleis du kan møte desse utfordringane:
- Vurder i kvar situasjon kor langt du skal prøve å gjennomføre programmet for dagen, eller delar av det
Vurder, og helst saman med eleven, kva for alternative aktivitetar som kan vere aktuelle. - Bygg vurderingane der-og-då på viktige haldepunkt i kva du veit om eleven sine interesseområde og læringsmål
Relasjonen til eleven er også eit viktig element. Nokre lærarar har kanskje større høve enn andre til å utfordre eleven i situasjonen. - Bruk evnene dine til å vere fleksibel og improvisere i situasjonen
Det er vesentleg for å klare å gjennomføre skoledagen. Arbeid samstundes for at skoledagen, sjølv om du gjer endringar, framleis bidrar til læring og utvikling – og til nye erfaringar og opplevingar for eleven.
