Grafiske symbol i bildebøker

Denne veilederen vil hjelpe deg når du skal lese bøker med grafiske symbol til ASK-språklege barn, samt vise deg korleis du kan sette grafiske symbol til andre bøker.

Bildebøker med grafiske symbol

Statped har gjeve ut seks bildebøker med grafiske symbol, i samarbeid med Cappelen Damm. Dei symbolsette bøkene passar for barn i barnehagealder. Nokre av bøkene passar også til eldre barn som er tidleg i språkutviklinga. De seks barnebøkene er:

Bøkene kan lånast på eit av biblioteka i kommunen, eller dei kan kjøpast frå Cappelen Damm.

Statped har fått løyve frå Tobii Dynavox til å nytte PCS symbol i bøkene.

Digitale bildebøker med grafiske symbol

Serien om Ole og Mia består av enkle kvardagshistorier med mykje humor og tydeleg bildespråk. I innstillingane i appen er det mogleg med individuelle tilpassingar. Du kan velje å sjå berre tekst og bilete, eller du kan kombinere med teiknillustrasjonar, grafiske symbol (PCS), teikn til tale, teiknspråk eller norsk tale. Du les og bruker dei grafiske symbola på same måte som i papirbøkene. 

Bøkene i serien om Ole og Mia er:

  • Fort fort!
  • I lekeparken
  • Leke inne
  • Sykkelturen
  • Nå kommer jeg!
  • Pannekakeskolen
  • Hurra for meg!

Du finner bøkene her: Ole og Mia | statped.no