Til hovedinnhold

God skolestart med nedsett høyrsel

E-læring for å sikre god skolestart for barn med høyrselstap, laga for foreldre som har valt talt språk for barna sine.

Informasjon og innspel til foreldre om kva som er viktig å tenke på i overgangen mellom barnehage og skole. Ressursen er nyttig for alle som møter barn med nedsett høyrsel.

Innleiing

Å starte på skolen er ei stor hending i livet. Eit nytt kapittel skal opnast. Det er viktig å legge til rette for ein trygg og god overgang frå barnehage til skole. Nokre gonger krevst det at dei vaksne rundt barnet førebur denne overgangen ekstra godt.

Barn med nedsett høyrsel er like ulike som alle andre barn. Ulike føresetnader krev ulik tilrettelegging for å sikre eit godt opplæringstilbod frå første skoledag. Nokre av tilretteleggingane som er viktige for barn med nedsett høyrsel, kan det ta tid å få på plass. Derfor er det nødvendig å starte planlegging i god tid før skolestart.

Foreldre er viktige for å trygge og motivere barn i overgangen. Det er derfor viktig at de som er foreldre, har oversikt og er trygge i overgangssituasjonen, slik at de kan vere ei støtte for barnet.

Tilrettelegging i form av tekniske, fysiske og pedagogiske tiltak er nødvendige for å sikre barn med høyrselsutfordringar eit opplæringstilbod som er likeverdig med alle andre barn. Tiltak som har fungert i barnehagen, bør bli ført vidare når barnet går frå barnehage til skole. Og skolen må vurdere behov for nye tiltak og tilretteleggingar.

Denne e-læringa er laga for at de som er foreldre til eit barn med nedsett høyrsel, og andre i laget rundt barnet, skal få innspel til kva som er lurt å tenke på og gjere for å sikre ein god skolestart. Kanskje har de spørsmål eller noko de lurer på, slik som mor til Andrea. E-læringa viser til sider der de kan lese meir om ulike moment. Gjennom e-læringa kjem det refleksjonsspørsmål som de kan grunne på eller ta opp med andre undervegs i prosessen.​

Lykke til!

Tenk på dette

Kva er det viktigaste for barnet ditt når det skal frå barnehage til skole?

Kva er det viktigaste for deg i denne overgongen?​

Kven er støttespelarane dykkar?

 

Kva er best for barnet?

Barnet sitt beste og retten til å bli høyrd

Barn veit ofte godt kva som er bra for dei, og kva dei vil – sjølv i svært ung alder. Barnehagar og skolar har ulike rutinar før skolestart. Som ein del av rutinane blir viktig informasjon gitt etter samtykke frå foreldre.

Det har vore mindre tradisjon for å hente inn og legge vekt på informasjon frå barnet sjølv. Sjølv om skole er ein ny og kanskje ukjend arena for barnet, veit barnet noko om kva det liker og ikkje liker, og kva som fungerer for seg.

Barnekonvensjonen (PDF på regjeringen.no) stadfestar at alle barn, uavhengig av alder, har rett til å få stemma si høyrd, og at dei som arbeider med barnet, alltid skal vurdere til beste for barnet.

Artikkel 3 og 12 stadfestar barn sin rett til å bli høyrde, og at ei vurdering av barnet sitt beste er ein menneskerett for barn og ungdom.

  • Voksne skal gjere det som er best for barn.
  • Alle barn har rett til å seie meininga si, og meiningane skal bli tatt på alvor.

Det er viktig å få informasjon frå foreldre og barnehage om kva som fungerer best for barnet. I vurderinga av kva som er barnet sitt beste, vil også stemma til barnet vere sentral.

Tips for å legge til rette for gode samtalar

Nokre barn har lett for å prate og seie meininga si, medan andre er meir tilbakehaldne. Her er tips til verktøy som foreldre og andre kan bruke i barnesamtalar:

  • Tenk enkelt.
  • Ver kreativ.
  • Finn og tilpass eigne metodar og verktøy som passar for kvart einskild barn.
  • Barn skal bli høyrde – uansett kommunikasjonsutfordringar. Bruk den kommunikasjonsforma som er best for barnet.
  • Hugs å legge til rette for gode lytteforhold i samtalar med barn som har nedsett høyrsel. Sjå eksempel på tilrettelegging for å betre lydmiljøet i denne filmen.
  • Lag påstandar, gjerne med biletstøtte/symbol med skolestart som tema, og som er tilpassa kvart einskild barn. Barnet kan til dømes rangere påstandane med emojis, som tommel opp, ned og midt imellom, eller ved hjelp av ulike ansiktsuttrykk/kjensler: 😊🙁😐 👍 👎👈
  • ​Sjå eksempel på støttemateriell i samtale med barn: Sånn vil jeg ha det (PDF)

Tenk på dette

Foreldre, barnehage og skole har allereie etablert samarbeid og diskutert spørsmål som barnet går og tenker på, utan at barnet sjølv er involvert. Er det slik hos dokker? ​

Korleis kan vi involvere barnet sjølv i prosessen og samarbeidet?​

Kva kan vi gjere for å finne ut av tankar som barn har om skolestart?​

Kven vil vere best til å finne ut og fortelje om barnet sine eigne meiningar og tankar om skolestart?

Korleis lytte til barnet?

Korleis skal barnet kunne få seie si meining, når det ikkje har erfaring med skole? ​

Kva skal barnet få uttale seg om? ​

Kven skal ha ansvar for å hente inn og sikre at stemma til barnet blir høyrt i overgangen? ​

 

Planlegging og samarbeid

Overgangar kan vere sårbare. Ein kan oppleve å vere usikker og utrygg i møte med noko nytt og ukjend. For barn med funksjonsnedsettingar kan overgangar vere ekstra sårbare. Med samarbeid, planlegging og førebuing kan overgangen opplevast tryggare.

God tilrettelegging kan vere avgjerande for at barnet får ein positiv start på skolelivet alt frå første skoledag.

Det kan vere lurt at kommunen sin opplæringsansvarlige startar planlegging ca. to år før skolestart. PPT bør være aktivt med i heile overgangsprosessen saman med den aktuelle skolen sin administrasjon.

Sjå tidsplan for korleis overgangsprosessen kan sjå ut

Kapittel 6 om overganger i Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

Start tidleg

Det er ein rekke faktorar som kan påverke om eit barn får eit tilfredsstillande opplæringstilbod. Ulike tiltak må planleggast og vurderast i god tid før skolestart. Nokre tiltak kan det ta tid å få på plass, medan andre tilretteleggingar og måtar å organisere opplæringa på kan vurderast undervegs.

  • Kva for eit klasserom skal eleven ha?
  • Kvar på skolen ligg det?
  • Skal det leggast lydabsorberende plater i himling og betre lysforhold i romma som barnet skal vere i?
  • Har personalet på skolen erfaring og kompetanse om høyrselsproblematikk, eller treng dei kompetanse?
  • Korleis vil det vere best å organisere gruppesamansettinga?

Ein god overgangsprosess skal sikre barnet sitt behov for tryggleik og bidra til at eleven får eit tilfredsstillande opplæringstilbod frå første skoledag.

Barnehage-heim-skole-samarbeid

Eit godt samarbeid mellom barnehage, heim og skole er av stor betydning for å legge til rette for barnet si meistring, læring og utvikling. Foreldre er viktige formidlarar av barnet sine erfaringar, førsesetnadar og tankar.

Samarbeidet med heimen vil vere viktig, mellom anna for saman

  • å kome fram til tiltak som skapar tryggleik og struktur for barnet, da foreldra har nøkkelinformasjon om barnet sine føresetnadar og behov
  • å gi barnet tryggleik ved å vise at foreldra og barnehagen/skolen snakkar saman, og at alle ønsker det beste for barnet
  • å gi foreldra moglegheit til å førebu barna på det som skal skje på skolen eller i barnehagen

Samarbeid mellom heim og skole

Tenk på dette

Korleis samarbeider foreldre og skole for at barnet får ein trygg og god overgang frå barnehage til skole?

Laget rundt barnet

Når mange partar er involverte i overgangsprosessen, kan det vere utfordrande å samkøyre arbeidet. Ved alle overgangar må vi sikre at informasjon blir overført frå ein arena til ein annan, og at relevant kompetanse finst eller blir bygd opp på den nye arenaen. I laget rundt barnet har ulike partar ulike roller og ansvarsområde. Eit tett og godt samarbeid er viktig for å sikre at barnet med høyrselstap får eit godt opplæringstilbod.

Samarbeidsmøte

For å førebu overgangen frå barnehage til skole er ansvarsgruppemøter eller samarbeidsmøter ein fin arena for å samle laget rundt barnet, og for å drøfte kva som er viktig for kvart einskild barn. ​Det kan også vere greit med rolleavklaringar og at ein snakkar om kva for forventningar ein har til kvarandre.

Aktuelle tema på eit samarbeidsmøte ved overgang mellom barnehage og skole kan vere

  • informasjon om eleven sin høyrsel
  • kven som skal ha informasjon og korleis? (Kontaktlærar, leiinga, SFO, medelevar, foreldre og andre?)
  • kven gjer kva?
  • kva for forventningar har vi til kvarandre?
  • barnet si stemme: kva barnet sjølv ønsker ​
  • fysisk tilrettelegging i skolen med tanke på ​
    • akustikk (etterklang og støy) ​
    • lysforhold ​
  • teknisk tilrettelegging ​
  • pedagogisk tilrettelegging
  • språk og språkmiljø
  • plan for å kompetanseheve personalet ​
  • eventuelle behov for individuell tilrettelagd opplæring​
  • plan for kven som har ansvaret for kva, når og korleis i overgangen, og på ny arena ​
  • ulike kurstilbod for foreldre og skolepersonale ​

Hugs at dersom foreldre ønsker at informasjon skal bli overført mellom barnehage og skole, så må de gje samtykke til dette.

Kven er laget rundt barnet?

Her er eit oversyn over aktørar som kan vere involverte i laget rundt barn med nedsett høyrsel. Lista er ikkje uttømmande, då tenestetilboda kan vere ulike i ulike kommunar og fylkeskommunar. Oversynet kan vere eit utgangspunkt for å sjekke kva som gjeld der de bur.​

Barnet

  • har hovedrolla
  • har ikkje ansvar for overgangsprosessen, men har rettar som skal sikre ein god overgang og vidare tilpassa opplæring
  • har rett til å bli høyrt, noko alle i laget rundt barnet har ansvar for å følge opp

Foreldra

  • har ansvaret for å oppsede barnet
  • er den viktigaste aktøren i laget rundt barnet ​
  • skal støtte, oppmuntre og trygge barnet i overgangen frå barnehage til skole​
  • gir samtykke til å overføre informasjon om barnet, dersom det kjenst riktig

Barnehagen

  • skal tidleg ta initiativ til eit samarbeidsmøte med skolen som barnet skal starte på, og andre aktørar i laget rundt barnet
  • er i dialog og samarbeid med foreldra
  • samarbeidar med skolen om ein god overgangsprosess​
  • melder til NAV Hjelpemiddelsentral om kva slags skole som blir ny installasjonsstad for teknisk utstyr

Skolen/SFO/AKS

  • samarbeidar med barnehagen for å få til ein god overgangsprosess
  • må utreie behov for fysisk tilrettelegging​
  • har ansvar for at heile personalet har kompetanse om høyrsel, konsekvensar av å ha nedsett høyrsel og tilrettelegging for elevar med nedsett høyrsel
  • har ansvar for rekruttering eller vidareutdanning dersom ein manglar naudsynt kompetanse for å undervise elevar med nedsett høyrsel
  • har ansvar for å følge opp at dei tekniske hjelpemidla blir brukte, og melde fra til NAV Hjelpemiddelsentral dersom reparasjon og vedlikehald trengst
  • samarbeider tett med foreldra

Kommunen / pedagogisk-psykologisk teneste

  • utarbeider sakkunnig vurdering, dersom det er aktuelt ​
  • koordinerer tenester og involverte i laget rundt barnet
  • har eit overordna ansvar for å sjå til at barnet får ein god overgang (mange kommunar har eigen overgangsplan)
  • sørger for at kompetansen er på plass når barnet startar på skolen​
  • har ansvar for å begrunne søknader om hjelpemiddel
  • har ansvar for opplæring i pedagogisk bruk av hjelpemiddel
  • har ansvar for å bistå i søkeprosess, i å utlevere hjelpemiddel samt i å tilpasse og lære opp i å bruke hjelpemiddel
  • hentar inn kompetanse, frå til dømes Statped, dersom ein manglar kompetanse lokalt

NAV Hjelpemiddelsentral

  • har eit overordna ansvar for tekniske hjelpemiddel
  • lærer opp både barnet og barnehagen/skolen i teknisk bruk av hjelpemiddel

Høyresentralen / øyre-nase-hals-spesialist

  • tek høyrselsmålingar
  • tilpassar (og høyresentralen reparerer) høyreapparat
  • bistår med grunngjeving i søknad om hjelpemiddel

Tenk på dette

Korleis kan ein få til å vidareføre god praksis frå barnehagen inn i skolen, og kven skal ha ansvaret?​

Kva for forventningar har de som er foreldre, til skolen sitt arbeid med å få til eit godt kommunikasjonsmiljø?

Lovverk

I overgangen mellom barnehage og skole har barn med nedsett høyrsel rettar som det er nødvendig for foreldre og resten av laget rundt barnet å vere kjende med. Ikkje alle lovar, reglar og rettar er aktuelle for alle. Her har vi laga ei oversikt som kan vere til hjelp for å orientere seg i lovverket.

Nokre rettar gjeld særskilt for elevar som har nedsett høyrsel.

Opplæringslova

Opplæringslova handlar om rettar og plikter som er knytt til opplæring og skolegang i Noreg. Kapitla i opplæringslova har paragrafar som omhandlar tema og gir føringar som har betyding for elevar med nedsett høyrsel i overgangen mellom barnehage og skole.

Kapittel 2. Rett og plikt til grunnskoleopplæring

Kapittel 3 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i grunnskoleopplæringa

Kapittel 11 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging

Kapittel 12 Skolemiljøet til elevane

Kapittel 14 Organiseringa av opplæringa og reglar for livssynsopplæringa

Tilrettelegging og organisering

Skolen må tilrettelegge for at elevar med nedsett høyrsel skal få best mogleg tilgang til undervisning og få gode vilkår for å vere aktive deltakarar i læringsmiljøet.

Høyrselskompetanse hos leiarar, lærarar og andre tilsette på skolen er viktig for å få til god tilrettelegging og organisering for barnet med nedsett høyrsel. Statped tilbyr kurs, der skolen kan auke sin eigen kompetanse.

Fysisk tilrettelegging

All lyd som forstyrrar eller hindrar at barn oppfattar tale, blir rekna som støy. Også lydar som barn som høyrer normalt, ikkje opplever som forstyrrande, kan vere det for barn som har høyreapparat eller cochleaimplantat (CI).

Gode lys- og lytteforhold gjer det enklare for barn med nedsett høyrsel å vere aktive deltakarar i alle miljø der barnet oppheld seg.

Eleven sitt klasserom bør vere i eit roleg område på skolen.

Eleven si plassering i klasserommet kan vere avgjerande for å vere aktivt deltakande.

Pedagogisk tilrettelegging og organisering

Elevar med nedsett høyrsel bruker synet aktivt for å få med seg det som skjer rundt dei. Derfor er det viktig å visualisere mykje av det som går føre seg i undervisninga.​

Målet er å legge best mogleg til rette for at eleven kan kommunisere og delta i opplæringa.

Psykososial tilrettelegging

Nokre elevar med nedsett høyrsel treng støtte for å etablere nære sosiale relasjonar til andre i ei gruppe eller klasse.

Teknisk tilrettelegging

Høyreapparat og cochleaimplantat (CI) er tekniske hjelpemiddel som kan gi eleven betre tilgang til talt språk og lyd i omgjevnadene.​ Det er viktig at apparata har rett innstilling, og at dei blir brukte heile dagen for å ha stabil lyd.

Eit lydutjamningsanlegg er teknisk utstyr i klasserommet som består av

  • høgttalarar
  • lærarmikrofonar
  • elevmikrofonar

Søk NAV Hjelpemiddelsentral om lydutjamningsanlegg i god tid slik at anlegget er på plass til skolestart.

Dei aller fleste høyreapparat kan ta imot lyd direkte frå ein mikrofon til eit høyreapparat eller CI. Dette kan gjere tale meir tydeleg i situasjonar med støy eller når det er avstand mellom ein som snakkar, og ein som skal høyre. Ta kontakt med høyresentral og NAV Hjelpemiddelsentral for å aktivere direktelyd i høyreapparatet.

Tenk på dette

Korleis kan vi foreldre støtte eleven i sosiale relasjonar på ny arena?

Korleis legg vi til rette for gode lyd- og lytteforhold? 

For at eleven sitt høyrselstekniske hjelpemiddel skal fungere godt, krevst det oppfølging. Kven skal ha ansvar for det?

Kommunikasjon, samspel og deltaking

Språkmiljø

Barn med nedsett høyrsel er avhengige av at miljøet, og menneska rundt dei, har forståing for og tek omsyn til føresetnadene deira. Kommunikasjonen som går føre seg, skal vere tilgjengeleg for barnet med nedsett høyrsel på lik linje med alle andre barn. Det er ulikt kva som er viktigast for at kvart enkelt barn kan vere ein aktiv deltakar i fellesskapet. Som vaksne har vi ansvar for å skape så gode vilkår som mogleg for kommunikasjon for barnet med høyrselstap. Kva som er den beste kommunikasjonsformen for barnet i ulike situasjonar, kan endre seg undervegs. Det er mogleg å lære seg fleire språk og former for kommunikasjon, slik ein til kvar tid kan nytte tilgjengelege og effektive kommunikasjonsformer. Det er viktig å tenke på å sikre god kommunikasjon i alle situasjonar, både heime, på skolen og på fritida.

Det er barnet sjølv som må vise veg, men det er dei vaksne rundt barnet som må rydde vegen!

Kommunikasjon er ein føresetnad for inkludering. Når barnet nyttar seg av kommunikasjonsformer som tegn-til-tale eller teiknspråk, bør skolen legge opp til eit levande teiknmiljø, der både barn og vaksne bruker teikn i det daglege.

Inkludering

Alle barn har ein naturleg plass i læringsmiljøet. Inkludering handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn og å verdsette mangfaldet av elevar.

Meistringsstrategiar

For eit barn som har høyrselsutfordringar, kan det vere fleire kommunikasjonssituasjonar som verkar stressande. Det er viktig å hjelpe barnet med å finne strategiar som kan lette kommunikasjon og samhandling i ulike situasjonar.

Nokre gonger bruker barnet forskjellige strategiar for ikkje å få merksemd på høyrselsutfordringane sine. Dei kan vere meir opptatt av å vere som alle andre, og dei tar då gjerne i bruk strategiar som på sikt kan føre til redusert deltaking.

Høyr podkast

Tenk på dette

Korleis kan ein legge til rette for eit godt språkmiljø for alle?

Kva er det viktigaste vi gjer for å sikre kommunikasjon med barnet vårt?

Er det noko som er spesielt utfordrande for barnet mitt i kommunikasjon med andre barn?