God skolestart med nedsett høyrsel
Laget rundt barnet
Omgrepet laget rundt barnet blir brukt om dei som samarbeider rundt eit barn med funksjonsnedsetting. Det er eit tett samarbeid mellom foreldre, barnehage og skole, PPT, helsetjeneste i kommunane og eksterne aktørar.
Når mange partar er involverte i overgangsprosessen, kan det vere utfordrande å samkøyre arbeidet. Ved alle overgangar må vi sikre at informasjon blir overført frå ein arena til ein annan, og at relevant kompetanse finst eller blir bygd opp på den nye arenaen. I laget rundt barnet har ulike partar ulike roller og ansvarsområde. Eit tett og godt samarbeid er viktig for å sikre at barnet med høyrselstap får eit godt opplæringstilbod.
Samarbeidsmøte
For å førebu overgangen frå barnehage til skole er ansvarsgruppemøter eller samarbeidsmøter ein fin arena for å samle laget rundt barnet, og for å drøfte kva som er viktig for kvart einskild barn. Det kan også vere greit med rolleavklaringar og at ein snakkar om kva for forventningar ein har til kvarandre.
Aktuelle tema på eit samarbeidsmøte ved overgang mellom barnehage og skole kan vere
- informasjon om eleven sin høyrsel
- kven som skal ha informasjon og korleis? (Kontaktlærar, leiinga, SFO, medelevar, foreldre og andre?)
- kven gjer kva?
- kva for forventningar har vi til kvarandre?
- barnet si stemme: kva barnet sjølv ønsker
- fysisk tilrettelegging i skolen med tanke på
- akustikk (etterklang og støy)
- lysforhold
- teknisk tilrettelegging
- pedagogisk tilrettelegging
- språk og språkmiljø
- plan for å kompetanseheve personalet
- eventuelle behov for individuell tilrettelagd opplæring
- plan for kven som har ansvaret for kva, når og korleis i overgangen, og på ny arena
- ulike kurstilbod for foreldre og skolepersonale
Hugs at dersom foreldre ønsker at informasjon skal bli overført mellom barnehage og skole, så må de gje samtykke til dette.
Case
I barnehagen til Andrea har dei lydutjamningsanlegg som dei har brukt i samlingsstunder. Dei vaksne har brukt mikrofon, og på avdelinga til Andrea har dei fått til god praksis for at barna også snakkar i mikrofon når dei har samling. Denne praksisen har fungert godt for å sikre at Andrea har god tilgang på kommunikasjonsfellesskapet i samlingsstunda.
På skolen som Andrea skal starte på, har dei inga erfaring med å bruke lydanlegg og mikrofonar.
Barnehagen har invitert tilsette i skolen til å observere på avdelinga for å vise praksisen sin og dele erfaringarne sine.
Kven er laget rundt barnet?
Her er eit oversyn over aktørar som kan vere involverte i laget rundt barn med nedsett høyrsel. Lista er ikkje uttømmande, då tenestetilboda kan vere ulike i ulike kommunar og fylkeskommunar. Oversynet kan vere eit utgangspunkt for å sjekke kva som gjeld der de bur.
Barnet
- har hovedrolla
- har ikkje ansvar for overgangsprosessen, men har rettar som skal sikre ein god overgang og vidare tilpassa opplæring
- har rett til å bli høyrt, noko alle i laget rundt barnet har ansvar for å følge opp
Foreldra
- har ansvaret for å oppsede barnet
- er den viktigaste aktøren i laget rundt barnet
- skal støtte, oppmuntre og trygge barnet i overgangen frå barnehage til skole
- gir samtykke til å overføre informasjon om barnet, dersom det kjenst riktig
Barnehagen
- skal tidleg ta initiativ til eit samarbeidsmøte med skolen som barnet skal starte på, og andre aktørar i laget rundt barnet
- er i dialog og samarbeid med foreldra
- samarbeidar med skolen om ein god overgangsprosess
- melder til NAV Hjelpemiddelsentral om kva slags skole som blir ny installasjonsstad for teknisk utstyr
Skolen/SFO/AKS
- samarbeidar med barnehagen for å få til ein god overgangsprosess
- må utreie behov for fysisk tilrettelegging
- har ansvar for at heile personalet har kompetanse om høyrsel, konsekvensar av å ha nedsett høyrsel og tilrettelegging for elevar med nedsett høyrsel
- har ansvar for rekruttering eller vidareutdanning dersom ein manglar naudsynt kompetanse for å undervise elevar med nedsett høyrsel
- har ansvar for å følge opp at dei tekniske hjelpemidla blir brukte, og melde fra til NAV Hjelpemiddelsentral dersom reparasjon og vedlikehald trengst
- samarbeider tett med foreldra
Kommunen / pedagogisk-psykologisk teneste
- utarbeider sakkunnig vurdering, dersom det er aktuelt
- koordinerer tenester og involverte i laget rundt barnet
- har eit overordna ansvar for å sjå til at barnet får ein god overgang (mange kommunar har eigen overgangsplan)
- sørger for at kompetansen er på plass når barnet startar på skolen
- har ansvar for å begrunne søknader om hjelpemiddel
- har ansvar for opplæring i pedagogisk bruk av hjelpemiddel
- har ansvar for å bistå i søkeprosess, i å utlevere hjelpemiddel samt i å tilpasse og lære opp i å bruke hjelpemiddel
- hentar inn kompetanse, frå til dømes Statped, dersom ein manglar kompetanse lokalt
NAV Hjelpemiddelsentral
- har eit overordna ansvar for tekniske hjelpemiddel
- lærer opp både barnet og barnehagen/skolen i teknisk bruk av hjelpemiddel
Høyresentralen / øyre-nase-hals-spesialist
- tek høyrselsmålingar
- tilpassar (og høyresentralen reparerer) høyreapparat
- bistår med grunngjeving i søknad om hjelpemiddel
Side 5 av 8
Tenk på dette
Korleis kan ein få til å vidareføre god praksis frå barnehagen inn i skolen, og kven skal ha ansvaret?
Kva for forventningar har de som er foreldre, til skolen sitt arbeid med å få til eit godt kommunikasjonsmiljø?