God ASK

Velkomen til læringsressursen God ASK.

Fakta og tilgjengelighet

Kommunikasjon med bruk av ASK

Kategori: Barnehage, Veiledere, Instruksjonsfilmer, Nynorsk, Tidlig innsats, Alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK)

Språk: Nynorsk

Hovudinnhald

God kommunikasjon

Opplæringsstrategiar

Kompetanseutvikling

Om God ASK

Ressursen er ei hjelp for vaksne kommunikasjonspartnarar. Vi har lagt vekt på det vi meiner vi ofte legg for lite vekt på: å sjå kva potensial som ligg i å jobbe med eigne kommunikasjonsstrategiar. Vi bør nytte alle dei gode, daglege situasjonane der vi er saman. Dette er avgjerande for at barnet i sin tur skal bli ein god samtalepartnar og få ei god kommunikasjons- og språkutvikling.

Øvings- og refleksjonsoppgåver

Ved å sjå eksempel og tenke gjennom kva du kan ta med deg og tilpasse til kvardagen din, og gjennom øvings- og refleksjonsoppgåver, vil du kunne betre eigen praksis. Og til deg som er god frå før: Det er alltid mogleg å bli enda betre. Mange av arbeidsoppgåvene i materiellet er eigna som gruppeoppgåver – fagleg utvikling går ofte lettast om ein er to eller fleire i lag.

Barn og vaksne i filmane er «verkelege». Du får sjå ting som skjer i kvardagen, og som vi meiner har nytteverdi for andre. Filmklippa og kommentarane er eksempel slik at du kan få idear om kva som passar for barnet «ditt». 

Fokus på kva den vaksne gjer

God ASK er resultat av ein prosess. Vi har valt ikkje å gi detaljkunnskap om barna og kvifor dei treng ASK, men heller å leggje vekt på kva dei vaksne gjer i dei ulike situasjonane. I dette perspektivet får du som brukar av læringsressursen, nok informasjon. Som kommunikasjonspartnarar for barn som treng ASK, må vi ha bevisste strategiar for å skape gode kommunikasjonssituasjonar som er meiningsfulle for barnet. I tillegg skal vi vere gode lærarar og tilretteleggjarar for barnet si språk- og kommunikasjonsutvikling.

Bruk-av-grafiske-symbol-i-samspel

God ASK dekker berre ein del av det omfattande fagfeltet læring og bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon. I eit hefte som høyrer til ressursen, vil du finne noko meir teori om ASK og tilvising til andre kjelder. Det er viktig for oss å understreke at der er mykje på ASK-feltet som ikkje vert omtalt i denne ressursen. Han er inga erstatning for samarbeid med kompetente fagfolk på eit fleirfagleg område.

På web har vi ikkje referert til kjelder. Dette er fordi det skal vere lett å lese. Men vi har støtta oss på mange, og ei oversikt over viktige kjelder finn du i heftet.

Hovudområde

God ASK er bygd opp rundt tre hovudområde:

1. God kommunikasjon legg vekt på kva allmenngyldige prinsipp som er aktuelle anten ein treng ASK eller ikkje.

  • Dei to tema «Grunnleggande samspel» og «Følgje barnet sine initiativ» har eit innhald som gjeld all tidleg samhandling.
  • «Samtale» er eit tema som krev god og spesiell tilrettelegging og kunnskap for ASK-brukarar.

2. Opplæringsstrategiar viser til fire tema som er sentrale for å lukkast i kommunikasjon og læring for barn som treng ASK.

  • «Vise og bruke» er noko av det viktigaste vi vaksne kan gjere. Vi må vere gode modellar. Det blir spesielt viktig å vere god kommunikasjons- og språkmodell for barn som treng ASK fordi dei fleste rundt dei ikkje kommuniserer på same måten. 
  • «Lære andre barn» har som tema korleis vi som vaksne kan leggje til rette for at andre barn både skal forstå barna som treng ASK, og korleis dei kan fungere som modellar. 
  • «Lære på ulike måtar» synleggjer korleis ein kan tilpasse kommunikasjons- og språklæring til ulike barn sine føresetnader. 
  • «Gi tilgang til kommunikasjon» handlar om å forstå at tilgang er ein føresetnad for å kommunisere. Dei fleste av oss vil kunne betre oss på dette området – og det er ikkje vanskeleg.

3. Kompetanseutvikling inneheld tema for korleis ein sjølv, grupper av personale eller kommunikasjonsgruppa rundt barnet kan bli betre gjennom målretta arbeid.

  • «Vaksne øver» viser kva som trengst for å bli ein god kommunikasjonspartnar. Det krev litt innsats og tid, men det er kjekt. 
  • «Bruke videoanalyse» er eit tema som alle som arbeider med observasjon, samspel og kommunikasjon, vil ha nytte av. Video er eit av dei viktigaste hjelpemiddel vi har for å betre praksis.

Laere-saman

Slik brukar du ressursen 
God ASK er dynamisk slik at ein lett kan manøvrere i ulike tema. Hovudtema står til venstre som klikkbare kapittel. Ved å klikke på kvar av hovudområda, vil undertema med ein kort omtale av området kome fram. Ein kjem vidare til det einskilde område anten ved å klikke i menyen til venstre, eller ved å klikke på overskrifta. Då er ein inne på eit einskild tema. Om ein ynskjer å gå tilbake eit steg, kan ein anten nytte tilbakepila øvst til venstre, eller klikke  på linja «du er her». Dette gjeld på alle nivå av ressursen. Kvart tema er bygd opp over same lest, slik at det skal vere lett å orientere seg.
GOD ASK er ein omfattande ressurs. Om ein utnyttar innhaldet i den, er her mykje å lære.  Kvart einskild tema bør jobbast meg for seg, og ein må velje dei arbeidsoppgåvene som er aktuelle. Og skulle du kome på andre lure øvingsoppgåver enn dei vi har foreslått, er det sjølvsagt fritt fram!
Kvar film kan sjåast i eitt, men ein kan og sjå delar fleire gongar, og finne fram til det som er mest aktuelt i forhold til eigen situasjon. Filmane og dei korte videoklippa er nøye valt ut som eksempel for at du skal sjå, lære og prøve sjølv.

Slik brukar du ressursen

God ASK er dynamisk slik at ein lett kan manøvrere i ulike tema. Ved å klikke på kvart hovudområde vil undertema med ein kort omtale kome fram. Ein kjem vidare til det einskilde området anten ved å klikke i menyen eller ved å klikke på overskrifta. Då er ein inne på eit einskild tema. Om ein ynskjer å gå tilbake eit steg, kan ein anten nytte tilbakepila i nettlesaren eller klikke  på linja «Du er her». Dette gjeld på alle nivå av ressursen. Kvart tema er bygd opp over same lest slik at det skal vere lett å orientere seg.

God ASK er ein omfattande ressurs. Om ein utnyttar innhaldet i han, er her mykje å lære.  Kvart einskild tema bør jobbast med for seg, og ein må velje dei arbeidsoppgåvene som er aktuelle. Og skulle du kome på andre lure øvingsoppgåver enn dei vi har foreslått, er det sjølvsagt fritt fram. Kvar film kan sjåast i eitt, men ein kan også sjå delar fleire gongar og finne fram til det som er mest aktuelt i eigen situasjon. Filmane og dei korte videoklippa er nøye valde ut som eksempel for at du skal sjå, lære og prøve sjølv.

Ved å trykke på CC-symbolet nede på avspillingsvinduet i filmane får du opp teksting på bokmål, nynorsk, engelsk og nordsamisk.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!