Lære på ulike måtar

Barna som har behov for ASK, er svært ulike. Det dei har felles, er at dei heilt eller delvis manglar talespråk. Grunnlaget deira for å forstå talespråk eller til å kunne produsere talespråk (no eller seinare) sjølv vil vere svært varierande. Dette fører til ulike behov for opplæring.

Fakta og tilgjengelighet

Kategori: Barnehage, Veiledere, Erfaringsfilmer, Instruksjonsfilmer, E-læring, Nynorsk, Alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK)

Vi brukar å dele ASK-brukarane i tre funksjonelle hovudgrupper, alt etter som dei har behov for:

  • eit alternativt språk, eit morsmål
  • eit uttrykksmiddel
  • eit støttespråk

Kva barnet kan, og kva utviklingsnivå det har, vil vere styrande for kva ein gjer, og kva metodikk ein nyttar. Barn på eit tidleg utviklingsnivå må lære kommunikasjon gjennom mange repetisjonar. For å generalisere ferdigheiter treng barn å kommunisere med ulike kommunikasjonspartnarar og på ulike stader. 

Barn som forstår meir, kan du lage avtaler med: «Når du rettar opp handa, betyr det at du vil seie noko», og du kan tenke høgt saman med dei. Kommunikasjonspartnarane må samarbeide godt slik at signala som barna nyttar, er kjende for alle partar. Visst barnet sine initiativ ikkje vert lagt merke til, risikerer vi at barnet vert meir og meir passivt, frustrert, sint eller lei seg.

Her skal du lære:

  • ASK-brukarar tilhøyrer ulike funksjonelle hovudgrupper.
  • Kjenneteikn på dei funksjonelle hovudgruppene.
  • Ut frå kjenneteikna kunne plassere eige barn i rett gruppe. 
  • Kva læringsmåtar som bør særprege tilrettelegging innafor dei ulike gruppene. 

Dei ulike funksjonelle hovudgruppene – språkalternativgruppa

Menneske som har vanskar med å forstå talespråk, og som sjølve har lite forståeleg eller ikkje noko talespråk, treng eit alternativt språk. Ofte vil dei ha behov for det alternative språket heile livet, og dette vert deira morsmål. Kommunikasjonspartnarane må nytte den same alternative kommunikasjonsforma for at dei skal forstå.

Ved tilrettelegging for læring av ASK for barn i språkalternativgruppa må ein legge vekt på:

  • læring i situasjonen
  • læring gjennom mange repetisjonar
  • læring saman med ulike kommunikasjonspartnarar
  • læring av det same på ulike stadar

Personar med alvorleg utviklingshemming og/eller autisme vil ofte ha behov for slik tilrettelegging.

No skal du få sjå filmar av Brage og Noah. Begge dei to gutane har her behov for eit språkalternativ.

Brage blir vist grafiske symbol og får gjennom det informasjon om kva som skal skje. Han treng å bli vist «mat»-symbolet ved alle måltid, uavhengig av om det er i barnehagen eller heime. Han må sjå det saman med både mamma, Linda og Maj-Sissel (og gjerne fleire for at han skal lære det). I klippet vi ser her, brukar Linda desse grafiske symbola: «mat», «godt» og «meir».

 

Noah jobbar nedanfor med plansje. Her brukar Elin plansjen veldig aktivt og er streng i organiseringa av aktiviteten slik at han skal få erfaring med dei litt vanskelege uttrykka «min tur» og «din tur».

For at Brage skal lære omgrep, treng han at det er fokus på læring i dei daglege situasjonane. Her skal vi sjå eit klipp der han tar på sko. Maj-Sissel viser fram skoen og set ord på det ho gjer saman med han. Ho er oppsøkande i kontakten og gir tydelege fysiske signal. Brage må i situasjonen vere merksam og aktiv med syn, høyrsel og kropp. 

Begge gutane treng ASK for å forstå og for å kunne synleggjere kva dei ønskjer. Tiltaka i arbeidet med å lære dei grafiske symbol har tatt utgangspunkt i situasjonar som er motiverande for dei.

Dei ulike funksjonelle hovudgruppene – uttrykksmiddelgruppa

Menneske i uttrykksmiddelgruppa har ei god forståing for talespråk, men det er vanskeleg for dei å kunne uttrykke seg verbalt. Det betyr at gapet mellom det dei forstår, og det dei kan uttrykke, er svært stort, og at det er viktig å ha ei alternativ kommunikasjonsform for å kompensere for dette. Dei forstår, men kan ikkje snakke. Dei fleste i uttrykksmiddelgruppa vil trenge ei alternativ kommunikasjonsform heile livet.

I denne gruppa er der personar både med og utan lærevanskar. I ressursen vår er Sina, Oskar og Martin barn som tilhøyrer denne hovudgruppa. Vi veit ikkje korleis Martin si talespråklege utvikling vil vere, men Sina og Oskar vil trenge ASK heile livet. 

Tiltak for å lære bruk av ASK vil vere å gje tilgang til og opplæring i eit vokabular som er så stort at det dekkar kommunikasjons- og læringsbehov. Sina og Oskar kan bli forklart kva dei ulike grafiske symbola betyr, eller kva dei skal gjere for å stille spørsmål, fortelje ei historie med meir. Både Oskar og Sina kan øve ved å late som noko skjer og deretter overføre det til alle situasjonar der denne måten å kommunisere på, vil være passande.

Med Martin treng ein å arbeide på ein annan måte. Han forstår mykje meir enn det han kan uttrykke, men han har lærevanskar og vil ha behov for å lære ved hjelp av mange repetisjonar og med fokus på generalisering i forhold til både stadar og personar. Det betyr at ein kan jobbe med å leike butikk, og der viser han korleis og kva han kan seie. Han må også gå på butikken og prøve det ut der saman med trygge kommunikasjonspartnarar.

I eksemplet under ser vi Oskar som lærer ved direkte instruksjon. Therese seier til han kva han skal gjere.

I dette klippet av Sina ser vi at ho prøver å fortelje Vigdis noko, men at Vigdis ikkje klarar å forstå det. Der er ikkje nok ord i boka, og på tross av at Vigdis prøver med ja- og nei-spørsmål, så går det ikkje. Vi ser i klippet at Vigdis forklarar dette til Sina på same måten som ho ville forklart det til andre femåringar.

Dei ulike funksjonelle hovudgruppene – støttespråkgruppa

I støttespråkgruppa finn vi dei barna som vi trur vert snakkande, men som treng støtte på vegen til eit godt nok talespråk. For dei som er i støttespråkgruppa, er det eit mål å framskunde utviklinga både av bruk og forståing av tale samtidig som dei har moglegheit til å uttrykke seg før talespråket er tilstrekkeleg. Støttespråkgruppa deler vi i «utviklingsgruppa» og «situasjonsgruppa».

Utviklingsgruppa: Dei som tilhøyrer utviklingsgruppa, har behov for ei opplæring som er retta mot å utvikle og forstå tale. Dei har sannsynlegvis ikkje eit varig behov for eit støttespråk. Barn som vi trur kjem til å snakke, men som kjem seint i gang, vil vere typiske representantar for denne gruppa. Forståing av talespråk vil variere. Det betyr at det er ulike behov i gruppa i forhold til kor mykje ein må arbeide med forståing.

Simone er ei jente som vi reknar med kjem til å snakke. Ho er meir og meir aktiv verbalt, men treng enno støtte både av grafiske symbol og norsk med teiknstøtte (NMT).

Situasjonsgruppa: Menneske som høyrer til i situasjonsgruppa, har lært å snakke, men har artikulasjonsvanskar som gjer det vanskeleg å forstå talen deira. Dei treng å lære i kva situasjonar  dei skal  støtte talespråket  med den alternative kommunikasjonsforma.

I ressursen «God ASK» er ingen av barna i situasjonsgruppa. Barn som vi plasserer i «situasjonsgruppa», kan ha til dømes CP, ei form for utviklingshemming eller ein språkvanske.

I arbeidsoppgåva som du kan klikke deg inn på, skal de tenke på kva funksjonell hovudgruppe barnet de kjenner, er i.

Arbeidsoppgåve 1

Viktig for opplæring

  • Kommunikasjon må leggjast til rette for gjennom alle situasjonar i løpet av dagen.
  • ASK-brukarar er avhengige av ei planlagd språkutvikling. Det må det leggjast til rette for. 
  • Det er nødvendig å legge til rette for spesifikk kommunikasjonsopplæring. Det er vanleg å jobbe med kommunikasjonsopplæring i naturlege situasjonar og i sær-trening.
  • Vurder kva opplæring som vil passe for barnet ditt. Mange kombinerer ulike tilnærmingar. Gjer vurderingar ut frå barnet sine behov.
  • All opplæring krev klare målsetjingar, planlegging og tilrettelegging. 
  • Arbeidet må ta utgangspunkt i realistiske, men likevel ambisiøse målsettingar. Måla må vere skriftlege og moglege å evaluere. Sett av god nok tid til opplæringa, og ver sikker på at dei som gjennomfører arbeidet, både forstår korleis dei skal jobbe og kvifor det er viktig. Tiltak må prøvast over tid før dei kan evaluerast.
  • Fokuser på å fremje barna sine initiativ. Legg vekt på at dei skal vere aktive på ulike måtar i kommunikasjonen. Dei skal ikkje berre respondere. Unngå lært passivitet gjennom bevisst bruk av støtte og hjelp.
  • Det kan vere vanskeleg for mange å generalisere ferdigheiter. Det som er lært i ein situasjon, må lærast på nytt i neste situasjon. Legg derfor vekt på å arbeide med opplæring i situasjonar som er nyttige for barnet, og ha funksjonell kommunikasjon som målsetjing. Allereie frå starten av bør ein ha planar for overføring til nye situasjonar.
  • Kontinuitet i opplæringa er sentralt for god utvikling. Kompetanse og haldningar er viktig for gjennomføring i praksis, og det tar tid å opparbeide seg både kompetanse og bli bevisst eigne haldningar. Dei som arbeider med barna, må ha kjennskap til barnet sine ressursar og behov. Ved endringar i miljøet kring barnet er det viktig å ivareta den kompetansen som er opparbeidd. Dette kan vere når nye fagpersonar kjem inn eller ved overgang til nye opplæringsarenaer.

I arbeidsoppgåva som du kan klikke deg inn på under, skal du ha drøfting kring tema «Generalisering» eller «Ta initiativ».

Arbeidsoppgåve 2

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!