Kvifor er det er viktig å lese bøker?

Kan du ikkje lese boka en gong til?»
Har du høyrt det før? Barnet som lener seg inn til deg og ber med fin stemme: “Kan du ikkje berre lese eitt kapittel til?”

Velg variant:

Å bli lest for gir mange gode gevinstar. I denne teksten vil du finne meir kunnskap om kvifor det er viktig å lese for alle barn, både i barnehagen og heime.

Bøker er viktig for språkutviklinga

Å lese bøker til barn kvar dag er den viktigaste språkaktiviteten barnehagen kan gjere for å stimulere språkutviklinga til barn med svakt ordforråd, viser eit norsk forskingsprosjekt. Dette gjeld alle barn!

Vi les til barn lenge før dei kan å snakke. Vi peikar på bileta i bøkene og set ord på det vi ser på boksidene. Barnet peikar, og vi set ord på det dei peikar på. Når vi les bøker, så handlar historiene om hendingar som ikkje skjer akkurat no, eller om situasjonar som ikkje skjer til vanlig i barnets kvardag. Slik lærer barna omgrep som dei kanskje ikkje møter elles i kvardagen sin. Ordforrådet til barna kan difor bli større når vi les for dei.

Samtaler

Voksen leser bok ASK -symboler

Historier i bøker motiverer barn til å snakke og til å ha dialogar med vaksne og andre barn om det som skjer i boka. Dette kallar vi for dialogisk lesing, og det er viktig for å utvide språket til barna. Gjennom samtaler i lesinga, får barn moglegheit til å relatere innhaldet til eigne erfaringar, til noko som har skjedd eller skal skje. Vi stiller spørsmål som får barna til komme med sine tankar om bileta og handlinga i bøkene. Dei får høve til å spørje og undre seg, og dei utviklar evnene sine til å fortelje. Gjennom å stoppe opp i lesinga og samtale om innhaldet, lagar vi rom for samtalar som har stor betydning for språkutviklinga. Det å kunne snakke om noko som skjer ut over «her og no», er spesielt viktig for språkutviklinga. Bøker er gode reiskap til å skape slike samtaler.

Når barn har lite eller manglande talespråk

Når barn har lite talespråk, eller er ASK-språklege, er det vanskeleg å få til desse samtalene. Barna har kanskje heller ikkje høve til å be om å lese den boka dei har lyst å lese, eller spørje om å lese boka ein gong til. Forsking viser at vi generelt les mindre for barn som har lite talespråk, enn vi gjer for jamaldringane deira. Kanskje handlar det om at vi ikkje får til desse dialogane som pregar lesing for barn som kan snakke?

Ord er reiskapen vi har for å tenke! Derfor er det viktig å kunne mange ord og omgrep. Å lære eit språk krev meir enn å berre høyre andre snakke. Det er fyrst når ein brukar språket sjølv at ein verkeleg lærer det. Om ein skal gje ASK-språklege barn like gode vilkår for språkutvikling som jamaldringane sine, treng barnet tilgang til kommunikasjonsforma si – også når det blir lest for.

Når barn begynner å snakke, forstår vi rundt mykje betre kva barnet kan og forstår. Då tilpassar vi automatisk vår kommunikasjon til barnet sitt språklege nivå – det vil seie: intuitivt snakkar vi litt meir komplisert enn det barnet gjer. Slik drar vi kommunikasjonsutviklinga framover. Når barn ikkje snakkar, eller ikkje har ein alternativ måte å uttrykke seg på, får vi ikkje tilgang til den informasjonen. Då er det ein reell fare for at miljøet rundt snakkar enklare til barnet, og dermed ikkje drar kommunikasjonsutviklinga framover.

Bøker er viktig for den kognitive utviklinga

Kognitive ferdigheiter handlar om å bearbeide, tolke og hente fram informasjon. Samtaler rundt innhald i bøker er viktig fordi det:

Stimulerer fantasi og forestillingsevne. Når vi les om det skumle trollet under brua blir barnas fantasi stimulert. Bøker gir barna felles referansar, som gir høve til felles samtaleemne, leiketema og forståing av kulturen.

Bøker er viktig for sosial utvikling

I bøker møter vi fortellingar om menneske, dyr eller figurer. Handlingane deira kan for eks vere gode, rare eller slemme. Situasjonane kan likne situasjonar og problemstillingar som barnet møter i sin eigen kvardag. Fortellinga gjer det mogeleg for barnet:

Læringa ligger fyrst og fremst i samtalene rundt disse situasjonane, for det gir barnet høve til å sette sine eigne erfaringar i samanheng med det som skjer i boka. Og denne refleksjonen vil styrke dei sosiale ferdigheitene når dei opplever liknande situasjonar igjen. Samtaler stimulerer språket og tanken. Tankane våre blir ei indre stemme som hjelper oss til å tenke ut kva som er hensiktsmessig åtferd i ulike situasjonar. Når barnet får delta i slike samtaler, styrker vi den sosiale utviklinga deira.

Bøker er viktig for emosjonell utvikling

«Det hjelper å snakke om det», seier vi av og til. Vi veit at når vi snakkar om korleis vi har det, så hjelper det med å sortere kjensler, og forstå seg sjølv betre. Dette gjeld like mykje for ASK-språklege barn. Små barn har generelt vanskeleg for å kjenne igjen og sette ord på eigne kjensler. Bøker kan hjelpe små barn til dette.

I bøker møter barna personar eller figurer med alle former for kjensler, for eksempel triste, redde, glade, sinte eller overraska. Barnet kan kjenne igjen kjensler det sjølv har, og få hjelp ved å sjå korleis andre meistrar kjenslene sine. I samtalene som oppstår når ein snakkar om det som skjer i boka, kan barnet relatere til eigne kjensler eller kjensler som dei observerer at andre rundt dei har. Å snakke om det å vere rasande eller redd når eit barn står midt opp i ein situasjon er veldig vanskeleg. Når barnet høyrer fortellingar om nokon med dei same kjenslene, kan det vere enklare å snakke og reflektere rundt akkurat denne kjensla. Gjennom å snakke om kjensler i lesesituasjonar, hjelper vi barnet å forstå seg sjølv og sette ord på kjensler når dei oppstår. Dette gjeld alle barn.

Bøker er viktig for lese og skriveutvikling

Forsking viser at det å bli lest for fremmer lese- og skriveutvikling fordi barnet

For ASK-språklege barn er det spesielt viktig å kunne lese og skrive. Å kunne skrive gjev dei høve til å kunne seie alt dei vil.