Løpsk tale i skolealder

I skolen blir utfordringene med løpsk tale gjerne mer synlige når de skolefaglige og sosiale kravene øker. Løpsk tale opptrer ofte sammen med andre vansker, noe som kan ha en innvirkning på hvordan eleven fungerer faglig. 

Løpsk tale i skolealder

  • Det kan være vanskelig å påvise løpsk tale før 8-10-års alder. Eleven kan likevel ha nytte av logopedisk oppfølging for å øke bevisstheten rundt tale og kommunikasjon. Logopeden kan også hjelpe barnet med å lære strategier for å kommunisere mer forståelig, og teknikker for å øke taleflyten.

    Samarbeid med skolen

    I den logopediske oppfølgingen kan barnet har stor nytte av råd og veiledning til skolen. Lærere er viktige samarbeidspartnere på skolen. De kan være gode talemodeller og kan legge til rette for at eleven med løpsk tale får mulighet til å vise hva hun eller han kan. Tiltak bør avtales i samarbeid med elev og logoped.

    Som lærer/pedagog kan du møte en elev med løpsk tale ved å:

    • Skape et aksepterende og trygt klassemiljø
    • Skape ro i talesituasjoner og gi eleven tid til å snakke ferdig
    • Være åpen og sette ord på taleflytvansken ved å vise interesse for hvordan eleven selv opplever vansken
    • Være oppmerksom på å redusere eget taletempo og legge inn gode pauser
    • Unngå å gjøre forskjell og stille der samme kravene til en elev med løpsk tale som de andre elevene
  • Overgang mellom barnehage og skole kan vere utfordrande for barn med løpsk tale grunna høgare krav. Dei treng vaksne som ser behova deira, og som veit kva som skal til for å gjere overgangen god.

    Barn med løpsk tale har gjerne høgt eller varierande taletempo, utydeleg uttale og vanskar med å halde ein raud tråd i ei utsegn eller ein samtale. Nokre barn har symptoma allereie i førskulealder.

    I skolen vert denne typen vanskar ofte meir synlege og kan bli til større hinder for barnet sosialt. Krav til det faglege aukar også. Løpsk tale framtrer ofte saman med andre vanskar, noko som kan ha innverknad på korleis dei fungerer fagleg. I nokre tilfelle har barnet ein kombinasjon av løpsk tale og stamming.

    Barn med løpsk tale har ofte ei kjensle av å vere annleis utan å forstå kvifor. Det kan opplevast vondt at andre sluttar å lytte eller ikkje forstår. For små barn kan dette fort føre til konfliktar eller vanskar med å delta i leiken.

  • Munnleg eksamen kan vere utfordrande for dei som har løpsk tale. Tidspress og prestasjonskrav kan påverke taleflyten negativt. Eksamen er difor utfordrande for mange med løpsk tale.

    For andre med løpsk tale kan ein eksamenssituasjon ha omvendt effekt. Høg grad av fokus og konsentrert merksemd kan gjere at talen flyt betre og taletempoet går ned.

    Råd til elevar:

    • Set deg inn i dei rettigheiter du har til særskilt tilrettelegging.
    • Kontakt lærar, rådgjevar eller andre som kan hjelpe deg med å søke om tilrettelegging.
    • Ver open om vanskane, og forklar lærar og sensor korleis du opplever. situasjonen, og korleis dei best kan legge til rette for at du får vist dine kunnskapar.
    • Søk gjerne råd frå logoped om teknikkar og strategiar du kan nytte ved munnlege presentasjonar.

    Råd til lærar og sensor:

    • Ver ein open og ærleg kommunikasjonspartnar og spør om taleflytvanskane gjer situasjonen utfordrande.
    • Finn ut om det er noko du kan bidra med for å gjere situasjonen så god som mogleg.
    • Gje eleven signal om at du lyttar til innhaldet, ikkje korleis det blir formidla.
    • Signaliser at du har tid til å lytte.
    • La eleven snakke ferdig før du bryt inn med spørsmål.
    • Set deg inn i rettigheitene til elevar i høve særskilt tilrettelegging.