Foreldre, barnehagepersonell og lærarar kan hjelpe barnet med å rette positiv merksemd mot sin eigen tale ved å seie «Det forstod eg godt! Du sa det så tydeleg!».
Kommunikasjonen med barnet blir lettare viss vi møter det på ein positiv og konstruktiv måte. Det er viktig å vere ein ærleg tilhøyrar når du ikkje forstår kva barnet prøver å seie. Til dømes: «Fekk du med deg det eg sa?» eller «No fekk ikkje øyret mitt med seg det du sa. Kan du seie det på ein annan måte?». Barnet treng hjelp til struktur, orden og oversikt over kva det skal fortelje. Dersom barnet «hoppar» frå tema til tema, kan du hjelpe det ved å «rydde» i tankane; «Fyrst vil eg høyre om teaterstykket du såg i dag, så kan du fortelje meg om kva du og Per gjorde på leikeplassen….»..