Stamming i barnehagealder
Tidlege tiltak aukar sjansen for at barn sluttar å stamme. Foreldre og barnehage er viktige støttespelarar. Dei barna som framleis stammar ved overgangen til skolen, treng vaksne som ser behova deira og legg til rette for ein trygg skolestart.
Tidlege tiltak som kan gjerast
Hos nokre barnehagebarn kan det vere vanskeleg å skilje mellom stamming og naturleg tale med lite flyt. Hos andre er det liten tvil om at det er stamming vi høyrer. Jo tidlegare vi set inn tiltak, jo betre er prognosane.
Naturleg ikkje-flyt
I to- til femårsalderen er barn i sin mest aktive utviklingsvekst og har ofte brot i talen i mindre eller større grad. Nokon barn er språkleg usikre. Dei leiter etter ord, har vanskar med å formulere seg, repeterer småord og setningsdelar, og ofte har korte opphald i talestraumen. Hos andre barn kan ordforråd og språk vere godt utvikla, og talemotorikken er den største utfordringa.
Typiske trekk ved naturleg ikkje-flytande tale er tale med:
- få og lette repetisjonar av ord og fraser
(eg-eg vil ha melk eller eg vil ha-eg vil ha melk) - jamn rytme
- pausar
- bruk av interjeksjonar/fyllord
(øh, em) - omformulering av setningar
- barnet er i liten grad merksam på talebrota sine
Dette er ein naturleg del av taleutviklinga og må skiljast frå tidleg stamming, som det er viktig å fange opp. Brot mellom ord og eit par lette repetisjonar av småord i byrjinga av setninga, er ofte eit teikn på naturleg ikkje-flytande tale. Også vaksne har naturleg ikkje-flyt i talen sin, i ulik grad.
Begynnande stamming
Stamming startar også oftast i alderen to til fem år. Typiske trekk ved tileg stamming kan vere brot i talen i form av:
- repetisjonar av lydar eller stavingar
(ba-ba-ba-ball eller b-b-b-ball) - forlengingar av lyd, staving eller artikulasjonsstilling
(baaaall) - total blokkering av lyd eller luft
(b....all)
Ved fleire repetisjonar, særleg om dei blir hardare eller ein registrerer brot inni orda, kan det dreie seg om tidleg stamming. Om ein observerer at barnet har kroppsrørsler, som til dømes å bryte augekontakt, kaste på hovudet eller, trampe med foten i samband med talebrot, er det også eit teikn på at det kan vere stamming. Nokre barn er tidleg merksame på talebrota, for andre tek det lang tid.
Forsking syner at foreldre er gode til å vurdere om barnet deira stammar, og bør difor takast på alvor ved bekymring for barnet si taleflytutvikling. Det er vanleg at stamming varierer mykje mellom ulike situasjonar, som til dømes i barnehagen og heime. Stamming kjem og går også ofte i periodar på nokre veker eller månader, og kan vere heilt borte for så å kome tilbake. Overvaking av stamminga er difor viktig. Les meir om stammeutvikling i denne artikkelen.
Utgreie vansken
Eit barn må utgreiast av logoped ved mistanke om stamming. For å skilje mellom naturleg ikkje-flytande tale og tidelg stamming vurderer logopeden mengde talebrot (kvantitet) og type talebrot (kvalitet). Logopeden vil også hente inn bakgrunnsinformasjon, for å vurdere kva tiltak som vil vere riktig for barnet.
Om lag 80 prosent sluttar å stamme utan hjelp, men vi veit ikkje sikkert kven som sluttar å stamme av seg sjølv eller kvifor. Om vi «ventar og ser» kan det vere vanskelegare å snu utviklinga av både stamminga og moglege reaksjonar i barnet og omgjevnadane, enn om vi sett inn tiltak på eit tidleg tidspunkt. Tidleg innsats aukar sjansane for at stamminga tek slutt.Les meir:
Mange foreldre er usikre på kva dei skal gjere når barnet deira begynner å stamme.
Slik skapar foreldre eit rom der barnet kan fortelje og snakke utan stress eller press. Dette kan bidra til å redusere faktorane i miljøet som kan verke negativt inn på stamminga.
I desse minutta kan du som forelder
- Lytte konsentrert til barnet og høyre kva ho har å fortelje
- Gi konsentrert merksemd og halde naturleg augekontakt når ho snakkar, også når det kjem stamming
- Redusere ditt eige tempo når du snakkar (snakk litt saktare enn barnet ditt)
- Redusere mengda av spørsmål. Kommenter heller innhaldet i det barnet seier, eller gjenta barnet sine ord som ei oppmuntring til å snakke vidare
- Ta ein pause før du snakkar/svarar, så du syner at det er nok tid til å planlegge det du ønskjer å seie
For mange foreldre er det krevjande å gjere endringar i måten dei snakkar med barnet sitt på. Difor kan det vere lurt å sette av nokre minutt med skjerma tid til dette. Om barnet går i barnehage kan de samarbeide om å finne fram til gode måtar å støtte barnet til å delta i samtalar og leik som vanleg. Vel gjerne ut eit eller to punkt som de har ekstra fokus på, og avgjer i kva situasjonar de vil bruke dei. Det kan kanskje vere lettare å hugse på når du til dømes les for barnet eller ved middagsbordet.
Dømer på aktuelle tiltak, som ikkje er nemnde over, er å
- Vere ein ærleg kommunikasjonspartnar. Om du ikkje har tid til å snakke med barnet nett no, så sei ifrå om det. Ta opp att «tråden» seinare når det er tid
- Gi barnet tid til å finne ut kva ho vil fortelje, og korleis. La ho få fullføre tankane sine utan å bli avbroten når det er mogleg
- Vise barnet roleg, «lett» og sakte tale, og legge inn nokre tenkepausar når du snakkar
- Vere open. Sett ord på stamminga på ein måte som kjenst naturleg for deg, særleg om barnet syner frustrasjon eller tristheit over å ikkje få sagt det ho ynskjer. Dømer kan vere: «Eg såg du satt litt fast, men du fekk sagt det»
- Førebu deg på at andre barn eller vaksne kan spørje om eller kommentere stamminga. Da kan det vere lurt å ha lagd seg ei lett forklaringa, som du er fortruleg med å gi framfor barnet. Eit døme kan vere: «Det er stamming. Det er ganske vanleg, særleg når ein framleis lærer seg å snakke».
- Gjenta småord sjølv når du snakkar. Repeter av og til eit einstavingsord i byrjinga av ei setning: «No-no skal vi...» « Vil-vil du ha...? Slik syner du barnet at ingen snakkar heilt perfekt
- Gi barnet opplevingar av å meistre. Ha fokus på barnet sine sterke sider og kva ho får til. Alt som kan auke sjølvkjensla hennar vil også kunne verke positivt inn på taleflytutviklinga.
Saman med foreldre utgjer barnehagepersonalet ein viktig del av laget rundt barnet. Døma på tiltak som er gjevne for foreldre er også aktuelle for dei vaksne i barnehagen. Dei som stammar skal ikkje behandlast annleis enn dei andre barna. Samstundes vil dei kunne trenge tilrettelegging og støtte slik at premissane for kommunikasjon blir gode. Ein skal særleg vere merksam på at barnet kan streve med å snakke i situasjonar med opplevd tidspress eller mange forstyrringar. Dømer på tiltak i barnehagen:
- Observer i kva situasjonar barnet kommuniserer lett og legge til rette for slike situasjonar
- Hald fokus på gode kommunikasjonsreglar i barnegruppa, ved at éin snakkar om gangen. Heller ikkje barnet med stamming får avbryte andre
- Vurder om inndeling i mindre grupper under leik eller i rutinesituasjonar, som i garderoben, gjer det lettare for barnet å komme til orde
Gode tiltak i barnehagen kan vere med å hindre at stamming utviklar seg til å bli ei funksjonshemming. Kva for tiltak som er aktuelle må vurderast individuelt, i samarbeid med foreldre og eventuelt logoped.
Logopeden kan nytte både direkte og indirekte tiltak når han følger opp eit barn som stammar. Indirekte tiltak er å rettleie og gi råd til heim, barnehage og skole om strategiar for å vere ein god kommunikasjonspartnar. Mange av tiltaka du finn på denne sida er vanlege råd foreldre og personalet i barnehagen får når stamminga nyleg har starta. Logopeden kan hjelpe til med å velje ut kva for tiltak som kan vere lurt å prioritere først ut i frå barnet, familien og barnehagen sin situasjon, og om det er andre omsyn å ta enn berre stamminga.
Det finst meir strukturert oppfølging for denne aldersgruppa som krev tett samarbeid med logoped. Du kan lese meir i denne artikkelen om logopedisk oppfølging for barn i barnehagealder.
Eit direkte tiltak er å lære barnet enklare måtar å få orda ut på. Direkte tiltak gjennomførast av logopeden, som oftast med skolebarn, sidan det kan kreve ei viss innsikt i eiga stamming. Logopeden jobbar ein-til-ein eller i mindre grupper.
Stamming kan bli påverka av endra livssituasjon, som overgangen frå barnehage til skole. Utviklinga av stamminga vil vere ulik for kvart einskild barn. For nokon aukar stamminga, for andre kan stamminga minske eller vere uendra. Nokre barn kan prøve å skjule stamminga. Dette kan føre til ei negativ utvikling.
Hovudmålet er å skape eit miljø rundt barnet som gjer at overgangen blir opplevd som trygg og positiv. Dette kan vi bidra til ved å:
- Ha eit tett samarbeid mellom logoped, kontaktperson i barnehagen, kontaktperson på skolen, foreldre og ikkje minst barnet sjølv. Det kan vere aktuelt å halde eit samarbeidsmøte mellom dei ulike partane på våren før skolestart.
- Gjere det mogleg for foreldra å formidle kva som er viktig for at barnet kjenner seg trygg i møte med skolen – foreldra kjenner barnet best
- Sørge for at alle personane rundt barnet har kunnskap om kva stamming er. Logopeden har ei viktig rolle i å gi råd og formidle kunnskap.
- Sette oss inn i korleis akkurat dette barnet opplever det å stamme i møte med nye omgivnader og personar.
- Lytte til barnet og ta barnet sine tankar og kjensler på alvor, uavhengig av alder.
- La kontaktpersonar i barnehagen få formidle sine erfaringar om kva som hjelper barnet som stammar.
- Skape god kontakt mellom barnet og ein vaksen kontaktperson i skolen tidleg i overgangsprosessen.
- Vere open om vanskane og å skape aksept i klassemiljøet. Nokon tykkjer det er hensiktsmessig å gi informasjon til andre foreldre og elevar.
Start med alt dette i god tid før barnet skal begynne på skolen slik at han eller ho får tid til å førebu seg på det nye tilværet som skoleelev.
Her kan du laste ned Ressursark for lærere med elever som stammer