Til hovedinnhold

Skjult stamming

Nokre personar skjuler stamminga si slik at få eller ingen andre veit om at dei stammar. Dette kan innebere mykje bry, som hos dei med høyrbar stamming.

Sjølv om stamminga ikkje er synleg for omgjevnadene, opplever gjerne personen med skjult stamming dei same trekka med brot i talen som kjenneteiknar stamming elles (les meir her: Lenke til «om stamming»). Strategiar for unngåing kan vere så omfattande at ein i høve til omgjevnadene har fråvær av dei vanlege stammetrekka. Dette kan vere særs energikrevjande. Dømer på unngåing kan vere:
  • å ikkje delta i sosiale situasjonar
  • å raskt bytte ut, omskrive eller finne andre ord i setningar
  • å svare feil, velje å svare «veit ikkje», eller unngå å svare på spørsmål i det heile
Kanskje har ein skjult stamminga for omgjevnadene heile livet, og kanskje veit ein ikkje nok om kva vanske ein sjølv har. Mange er ikkje merksam på at den skjulte stamminga er ein vanske ein kan få hjelp til, på lik linje med open stamming.

Direkte tiltak

Hjå logoped kan ein få direkte hjelp til utgreiing og oppfølging av den skjulte stamminga. Målet vil vere å overvinne ei eventuell frykt for å snakke/stamme. Ein kan til dømes arbeide med medvit kring eiga taleflyt og kommunikasjon, å utforske konkrete teknikkar og strategiar for å handtere stamminga, og å auke deltaking i sosiale situasjonar.

På forskning.no kan du lese om Berit som skjuler sin stamming.