Eleven skal prestere fagleg under tidspress. Tidspress fører ofte til at brota i taleflyten blir sterkare og kjem raskare.
Eleven skal dessutan formidle noko munnleg. Personar som stammar kan ha store utfordringar med dette.
Råd til elevar
- Set deg inn i rettane du har til særskild tilrettelegging.
- Kontakt lærar, rådgivar eller andre som kan hjelpe deg med å søke om tilrettelegging.
- Ver open om vanskane og forklar lærar og sensor om korleis du opplever situasjonen, og korleis dei best kan legge til rette for at du får vist kunnskapane dine.
- Søk gjerne råd frå logoped om teknikkar og strategiar du kan nytte ved munnlege presentasjonar.
Råd til lærarar/sensorar
- Ver ein open og ærleg kommunikasjonspartnar og spør om taleflytvanskane gjer situasjonen utfordrande.
- Finn ut om det er noko du kan bidra med for å gjere situasjonen så god som mogleg.
- Gi signal om at du lyttar til innhaldet, ikkje korleis det blir formidla.
- Signaliser at du har tid til å lytte.
- La eleven snakke ferdig før du bryt inn med spørsmål.
- Set deg inn i rettane til tilrettelegging for elevar med taleflytvanskar.
- Du finn meir informasjon om taleflytvanskar på skulen på nettsida til Norsk interesseforening for stamme (stamming.no).