Til hovedinnhold

Om tidleg innsats i barnehagen og tiltak på skulen

Tidleg innsats i barnehagen og tiltak på skulen handlar om å gi hjelp så tidleg som mogleg i livet til eit menneske, anten vanskane oppstår i førskulealder eller seinare i livet.

Tidleg innsats i barnehagen og tiltak på skulen er svært viktig for å unngå at vanskar blir blir unødig store, og at det oppstår tilleggsvanskar. Det kan også førebyggje skeivutvikling, sosiale vanskar, lærevanskar, fråfall i skulen og å hamne utanfor arbeidslivet.

Ikkje vent og sjå

Dei fleste barna som har særskilde opplæringsbehov, blir fanga opp tidleg av hjelpeapparatet og barnehagen. Mindre vanskar blir derimot ikkje alltid oppdaga like lett, men tidleg innsats er viktig også for barn med mindre vanskar.

Grip derfor tak i mistankar du måtte ha. Undersøk om barnet kan ha ein vanske – ikkje vent og sjå.

Nasjonal satsing

Det er viktig å fange opp dei barna som treng noko ekstra så tidleg som mogleg. Mange opplever likevel at det går for lang tid før dei får hjelp. Årsakene kan være mange. Målet må vere å få ned ventetida og skape betre flyt mellom hjelpeinstansane.

Statped legg vekt på å gi tidleg hjelp og prioriterer søknad om tenester knytt til barn opptil sju år.