Undervisning av elevar med lett og moderat utviklingshemming

Elevar med lett og moderat utviklingshemming treng kunnskapar og ferdigheiter som styrker sjølvstende, sosial deltaking og livsmeistring.

Undervisninga må vere tilpassa forståinga, tempoet og læringskapasiteten deira. Dei treng eit støttande og oppmuntrande læringsmiljø.

Skolen sin ambisjon i møte med elevar med lett og moderat utviklingshemming vil vere

Opplæringa kan ta utgangspunkt både i kompetansemål i læreplanane og i mål som er knytt til livsmeistring og den daglege fungeringa til elevane.

Fire prinsipp for pedagogisk tilrettelegging

  1. Set livsmeistring i sentrum
    Undervisninga bør fremme sjølvstende hos eleven i daglege aktivitetar. Livsmeistring og livskvalitet er stikkord.
    Råd: Finn arbeidsmåtar som styrker eleven si meistring av kvardagsoppgåver og sosiale situasjonar. Prøv å redusere eleven sitt behov for hjelp over tid.
  2. Legg vekt på eleven sine interesser og sterke sider
    Motivasjon og meistring avgjer korleis eleven lærer.
    Råd: Bruk eleven sine interesser og sterke sider kreativt når du skaper læringsaktivitetar. Ei interessekartlegging kan vere eit nyttig verktøy.
  3. La eleven si stemme bli høyrd og styrk kommunikasjonen
    Ein elev med utviklingshemming treng støtte til å kunne uttrykke ønsker og val slik at hen kan få auka påverknad på sin eigen situasjon.
    Råd: Søk å forstå eleven og legg til rette for medråderett. Vit at når ein elev treng alternativ og supplerandre kommunikasjon (ASK), er skolen forplikta til å sikre at eleven får bruke eigna kommunikasjonsformer.
  4. Skap innhald som fremmar inkludering og sosial deltaking
    Alle elevar skal høyre til i ein klasse eller ei gruppe. Opplevd inkludering er mellom anna eit resultat av å delta i planlagde og meiningsfulle aktivitetar der eleven kan vise styrkane sine.
    Råd: Med tilrettelegging og kreativitet kan ein elev med utviklingshemming ofte ta mykje del i aktivitetar i klassen, særleg dei første skoleåra.

Lett utviklingshemming

For elevar med lett utvikingshemming er mange av måla i læreplanane relevante. Dei kan, særleg dei første åra, bruke trinnet sine mål med tilpassingar, men etter kvart kan det vere nødvendig å ta utgangspunkt i kompetansemål for lågare årstrinn. Elevane treng redusert vanskegrad, tydeleg struktur, meir repetisjon og langsamare progresjon. Støtt elevane i å knyte ny kunnskap til det dei allereie meistrar. Undersøk kontinuerleg kva elevane forstår gjennom utprøving og samtalar.

Praktiske arbeidsformer, leik, fysisk aktivitet og visuelle hjelpemiddel styrker læringsutbyttet, medan abstrakt undervisning ofte er krevande. Det er vanlegvis nødvendig å konkretisere. Mange elevar med lett utviklingshemming kan utvikle funksjonelle lese- og skriveferdigheiter, men språket deira er ofte enklare og meir konkret. Dei kan ha gode sosiale styrker, men kan trenge støtte i krevande situasjonar.

Moderat utviklingshemming

Elevar med moderat utviklingshemming har ofte motoriske eller medisinske tilleggsvanskar. Dei vil ofte ha nytte av alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Læringa må vere konkret, tett knytt til eleven sine erfaringar og organisert rundt praktiske og meiningsfulle aktivitetar som støttar meistring og livsrelevante ferdigheiter. Sosialt har elevar med moderat utviklingshemming ofte størst utbytte av fellesskap med andre elevar med utviklingshemming, og dei treng oftast støtte heile livet.

Barn og voksne som ser på tematavler

Alternativ og supplerande kommunikasjon

Å kommunisere på andre måtar enn gjennom talespråk kallast alternativ og supplerande kommunikasjon, forkorta til ASK.