Kva er synsnedsetjingar?
Med synsnedsetjingar siktar ein til blindskap, svaksyntheit eller hjernerelaterte synsvanskar. Desse kan vere medfødde, eller dei kan utviklast eller ervervast i løpet av livet.
Synsapparatet
For å forstå konsekvensane av synsnedsetjinga, kan det vere nyttig å ha kunnskap om korleis synsapparatet fungerer.
Synsapparatet består av
- dei ytre og indre strukturane i auget
- synsnerven og synsbanane
- synssenteret i bakre del av hjernen
Ved skader i ein eller fleire delar av synsapparatet, vil synsfunksjonen påverkast.
Synsapparatet gjer det mogleg å få og registrere lys og å omarbeide synsinntrykka slik at det blir danna ei heilskapleg forståing av omgivnadene. Frå bakre del av auget (netthinna) blir lyset gjort om til elektriske impulsar. Impulsane blir sende gjennom synsnerven til synssenteret og til andre område i hjernen. Synsinntrykka blir deretter omarbeidde i hjernen.
Synsnedsetjingar
Skadar i synsapparatet kan medføre synsnedsetjingar. Det kan komme av skadar i
- auga
- synsbanane i hjernen
- område av hjernen som omarbeider visuelle stimuli
Det skilst mellom tre typar synsnedsetjingar: Blindskap, svaksyntheit og hjernerelaterte synsvanskar. Synsnedsetjingane kan vere medfødde, eller dei kan utviklast eller ervervast i løpet av livet.
Det blir ikkje rekna som ei synsnedsetjing viss synet kan korrigerast med briller eller kontaktlinser, og det ikkje ligg føre andre synsrelaterte utfordringar.
Blindskap
I medisinsk samanheng blir omgrepet blindskap brukt om spennet mellom total blindskap og ein liten synsrest. Ein person blir sett på som funksjonelt blind dersom synet er så nedsett at det ikkje kan brukast til orientering og flytting, eller til å lese.
I Noreg fødast det kvart år mellom 100 og 200 barn med synsnedsetjingar. 2-5 av desse er fødde blinde utan påviste tilleggsvanskar. Mange har ein synsdiagnose i kombinasjon med andre diagnosar eller vanskar som kan påverke motorikk, kommunikasjon og kognisjon.
Nokre blir blinde seinare i livet på grunn av erverva skadar eller sjukdommar. Andre blir blinde på grunn av genetisk progredierande sjukdommar.
Les meir
Nedsatt syn hos barn og unge i Norge (tidsskriftet.no)
Svaksyntheit
Svaksyntheit blir beskrive på grunnlag av redusert visus (skarpsyn) eller redusert synsfelt. Det blir ikkje rekna som svaksyntheit dersom synet kan korrigerast med briller eller kontaktlinser. Det finst mange gradar av svaksyntheit og fleire årsaker til synsnedsetjinga.
For at det skal definerast som svaksyntheit, må visus vere lågare enn 0,33 eller synsfeltet 10 grader eller mindre. Det kan vere fleire delfunksjonar enn visus og synsfelt som gir nedsett synsfunksjon. Mange kan ha store augemotoriske vanskar, som til dømes skjeling eller ufrivillige augerørsler. Andre delfunksjonar som blir påverka, kan vere
- nedsett kontrastsyn
- redusert fargesyn
- redusert mørkesyn
- lysømfintlegheit
Funksjonsevna og synsfunksjonen til den enkelte er i stor grad avhengig av om omgivnadene er tilrettelagde på ein måte som gjer likestilt aktivitet og deltaking for alle mogleg. Det er derfor viktig å ta omsyn til den totale synsfunksjonen for å kunne setje inn formålstenlege tiltak og gi godt tilpassa opplæring.
Lær meir om dei ulike delfunksjonane som kan gi svaksynthet: Syn og synsfunksjon i pedagogisk samanheng.
Hjernerelaterte synsvanskar
Hjernerelaterte synsvanskar er den vanlegaste årsaka til synsnedsetjingar hos barn i den vestlege verda. At ein synsvanske er hjernerelatert, betyr at synsnedsetjinga kjem av skadar i synsbanane, synssenteret og andre område i hjernen. Derfor blir det ofte kalla for ei cerebral synsnedsetjing eller CVI (cerebral visual impairment).
Tidlegare var det vanleg å bruke omgrepet hjernesynshemming. CVI er ingen diagnose, men ein samansett tilstand og ei skildring av synsfunksjon eller synsåtferd.
CVI inneber vanskar med å tolke og bearbeide synsinntrykk, og vanskane kan arte seg svært ulikt. Nokre kan ha ein omfattande hjerneskade som påverkar både motorikk, kognisjon og talespråk. Andre kan fungere svært godt, men kan ha meir spesifikke vanskar som til dømes å kjenne igjen ansikt eller tal og bokstavar. Enkelte kan ha problem med å sjå og lytte samtidig, eller streve i situasjonar med mange sanseinntrykk. Tilretteleggingsbehova vil derfor kunne variere frå person til person.
Les meir
- Korleis oppdage og kartlegge synsnedsetjingar
- CVI Scotland (cviscotland.org)
Samtaler om CVI
Det varierer mye hvordan CVI arter seg. Synsvansken kan være vanskelig å forstå, både for den som har CVI, og dem som er rundt.
Nedenfor kan du høre to samtaler med jentene Obah og Emilie om hvordan det er å ha en lettere grad av CVI. Begge har mange refleksjoner om det å streve med synet gjennom skoleløpet, og om hvordan det kan legges til rette for deres form for synsnedsettelse.
Samtalene kan være nyttige for å få et innblikk i hvordan det kan være å ha CVI.
Høyr samtale med Obah (35:15)
Høyr samtalen med Obah (35:15)
Obah (18 år) har CP og CVI. Sjølv om ho sit i rullestol og har motoriske utfordringar, opplever ho at det er CVI-en som er vanskelegast å forstå. Ho fortel om kva ho gjer for å halde fokus på det viktigaste i skulefag, støtte til å forenkle fagstoffet, det sosiale og å vere med på aktivitetar med venner.
Høyr samtale med Emilie (21:24)
Høyr samtalen med Emilie (21:24)
Emilie (18 år) snakkar mykje om korleis det er å vere saman med andre, og om at det er vanskeleg å tolke og forstå andletsuttrykk, kjenne igjen personar og finne fram. Ho har mange opplevingar som ho opp gjennom åra har opplevd som vanskelege, og som ho delar med oss i denne samtalen.
Konsekvenser av synsnedsettelser
Symptomene på øyerelaterte og hjernerelaterte synsvansker kan ofte være like, og de pedagogiske tiltakene vil derfor kunne være de samme. Samtidig er personer med synsnedsettelser en svært heterogen gruppe. Dette fører til stor variasjon i hvilke konsekvenser synsnedsettelsen får, og hvilke behov for tilrettelegging dette medfører.
Nedsatt syn føre til begrensninger på flere områder:
- orientering og forflytning
- lesing og skriving
- bruk av digitale hjelpemidler
- aktiviteter i dagliglivet
- selvstendighet
- sosial samhandling
Dette kan medføre behov for tilrettelegging av læringsmiljøet og opplæringen.
Kognitiv overbelastning
Synsnedsettelsen kan også gi økt risiko for kognitiv overbelastning. Dette kan komme av
- mangel på struktur, oversikt, forutsigbarhet og tydelige rammer
- for mange, eller for vanskelige krav og forventninger
- for få muligheter til å kommunisere egne behov og bli forstått
- mangel på felles oppmerksomhet og deling av opplevelser
- for liten mulighet til å påvirke egen situasjon
- fysiske eller psykiske forhold
- overveldende inntrykk: for mange ord, lyder eller informasjon
Overbelastningen kan medføre en atferd som likner på atferden hos personer med autismespekterforstyrrelser (ASF). Det er viktig å være oppmerksom på at ASF ikke nødvendigvis er årsaken til atferden. Det kan like gjerne skyldes overbelastning eller for lite stimuli.
Stereotyp atferd og selvstimulering
For noen kan synsnedsettelsen medføre én eller flere former for stereotyp atferd og selvstimulering. Dette kommer til syne gjennom gjentakelse av visse bevegelser eller handlinger etter et fast mønster.
God tilrettelegging kan forebygge og redusere atferd som hindrer utvikling, læring og deltakelse.
Syn og synsfunksjon i pedagogisk samanheng
Statped har laga ein læringsressurs som forklarer ulike delfunksjonar av synssansen. Intensjonen med læringsressursen er at skular som har elevar med svaksynthet eller hjernerelaterte synsvanskar, skal få eit betre grunnlag for pedagogisk tilrettelegging.
For meir om pedagogisk tilrettelegging, sjå temasida om tilrettelegging ved synsnedsetjingar..