Til hovedinnhold

Kva er synsnedsetjingar?

Synsnedsetjingar

Skadar i synsapparatet kan medføre synsnedsetjingar. Det kan komme av skadar i

  • auga
  • synsbanane i hjernen
  • område av hjernen som omarbeider visuelle stimuli

Det skilst mellom tre typar synsnedsetjingar: Blindskap, svaksyntheit og hjernerelaterte synsvanskar. Synsnedsetjingane kan vere medfødde, eller dei kan utviklast eller ervervast i løpet av livet.

Det blir ikkje rekna som ei synsnedsetjing viss synet kan korrigerast med briller eller kontaktlinser, og det ikkje ligg føre andre synsrelaterte utfordringar.

Side 3 av 9