Til hovedinnhold

Kva er synsnedsetjingar?

Blindskap

I medisinsk samanheng blir omgrepet blindskap brukt om spennet mellom total blindskap og ein liten synsrest. Ein person blir sett på som funksjonelt blind dersom synet er så nedsett at det ikkje kan brukast til orientering og flytting, eller til å lese.

I Noreg fødast det kvart år mellom 100 og 200 barn med synsnedsetjingar. 2-5 av desse er fødde blinde utan påviste tilleggsvanskar. Mange har ein synsdiagnose i kombinasjon med andre diagnosar eller vanskar som kan påverke motorikk, kommunikasjon og kognisjon.

Nokre blir blinde seinare i livet på grunn av erverva skadar eller sjukdommar. Andre blir blinde på grunn av genetisk progredierande sjukdommar.

Les meir

Side 4 av 9