Til hovedinnhold

Kva er synsnedsetjingar?

Hjernerelaterte synsvanskar

Hjernerelaterte synsvanskar er den vanlegaste årsaka til synsnedsetjingar hos barn i den vestlege verda. At ein synsvanske er hjernerelatert, betyr at synsnedsetjinga kjem av skadar i synsbanane, synssenteret og andre område i hjernen. Derfor blir det ofte kalla for ei cerebral synsnedsetjing eller CVI (cerebral visual impairment).

Tidlegare var det vanleg å bruke omgrepet hjernesynshemming. CVI er ingen diagnose, men ein samansett tilstand og ei skildring av synsfunksjon eller synsåtferd.

CVI inneber vanskar med å tolke og bearbeide synsinntrykk, og vanskane kan arte seg svært ulikt. Nokre kan ha ein omfattande hjerneskade som påverkar både motorikk, kognisjon og talespråk. Andre kan fungere svært godt, men kan ha meir spesifikke vanskar som til dømes å kjenne igjen ansikt eller tal og bokstavar. Enkelte kan ha problem med å sjå og lytte samtidig, eller streve i situasjonar med mange sanseinntrykk. Tilretteleggingsbehova vil derfor kunne variere frå person til person.

Side 6 av 9