Til hovedinnhold

Tilrettelegging og tiltak ved autisme

PECS (metode for kommunikasjon)

PECS er ei form for Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) og er spesielt utvikla for personar i autismespekteret.

The Picture Exchange Communication System (PECS) er ein kommunikasjonsmetode som er spesielt utvikla for personar i autismespekteret. Metoden er utvikla av Lori Frost og Andy Bondy.

PECS passer for barn og elever som

PECS kan også vere ei eigna kommunikasjonsform for barn med andre diagnose som viser lite kommunikasjons-initiativ, eller der ein er usikre på kva barnet forstår. PECS kan også brukast av større barn og vaksne.

Treng ikkje spesielle ferdigheiter for å starte opp

I nokre tilfelle kan det vere vanskeleg å vite kva eit barn med autismespekterforstyrring (ASF) forstår og kva potensiale det har for å lære språk og kommunikasjon. Barnet/eleven treng ikkje å kunne noko før vi startar opp med PECS. Kartlegging og utprøving går hand i hand. Metoden legg opp til at barnet skal lære kommunikasjon før ein vektlegg omgrepsforståing.



PECS-perm: Kort med symboler for kommunikasjon. Foto: Anita Sande.

Forsking på PECS

Det er forska mykje på effekten av PECS. Forskinga viser at PECS er ein effektiv ASK-metode for barn på eit tidleg kommunikativt nivå, uansett diagnose.

Metoden

  • har positiv effekt på samspel og åtferd
  • aukar funksjonell kommunikasjon
  • aukar opp talespråk

Det er spesielt dei tre fyrste fasane som har vist seg å ha effekt.

Forsterkar-kartlegging

Før ein startar opp med bruk av PECS, må miljøet rundt barnet/eleven gjere ei forsterkarkartlegging. Det betyr å kartlegge kva barnet likar eller interesserer seg for. Det kan vere mat (frukt, snop, kjeks etc), drikke, aktivitetar mm. Å finne forsterkarar er avgjerande for at barnet skal finne meining i å bruke PECS. Forslag til skjema der du kan bruke til å systematisere informasjonen finn du her.

Ein kommunikasjonspartner og ein hjelper

Når barnet skal lære seg ferdigheitene krevst det to vaksne; den eine er kommunikasjonspartnaren som sit framfor barnet og kommuniserer med det. Den andre vaksne er ein fysisk hjelper som ikkje skal kommunisere med barnet, men berre bidra med fysisk handleiing ved behov. Illustrasjonen under viser trening i fase 1.

Illustrasjonen er henta frå PECS Training Manual.

Metoden er delt i seks fasar

Her kjem ein kort presentasjon av dei 6 fasane. Vær merksam på at denne korte presentasjonen ikkje gjev tilstrekkeleg med informasjon for å sette i gang. Sjå informasjon om brukarmanual nedst i teksten.

Fase 1: Overlevering

Her lærer barnet å overlevere eit symbol, for så å få noko det har lyst på. Symbolforståing er unødvendig i denne fasa. Det kan vere lurt å starte med små bitar av noko snacks barnet likar. Grunnen til at bitane skal vere små, er at barnet raskt skal kjenne på behovet for å få meir, slik at det er mogeleg å få til mange overleveringar i løpet av ei kort økt. I tillegg til ting å putte i munnen, er det lurt å gje barnet høve til å kunne be om samspillsaktivitetar som det likar; som for eksempel å bli kitla, blåse såpebobler, bli snurra rundt i lufta etc. Her gjeld også prinsippet om at aktiviteten skal vere raskt gjennomført slik at ein kan gjennomføre mange repetisjonar. Bruk aktivt det som er notert ned under forsterkarkartlegginga.

Se animasjonsfilm om fase 1, overlevering (Youtube)

Overlevering i fase 1. Foto: Anita Sande.

Fase 2: Distanse

Her lærer barnet å bruke overleveringsferdigheitene frå fase 1 i mange ulike kontekstar. Barnet skal lære å hente symbolet, og gå til kommunikasjonspartnaren og gi symbolet for å få forsterkaren. Kommunikasjonspartnaren flyttar seg rundt slik at barnet lærer å komme til han/henne på ulike stadar og i ulike rom. Denne fasa bør startast med rett etter at ferdigheitene i fase 1 er etablert. Det er særdeles viktig at denne fasa vert jobba med dersom kommunikasjon med PECS skal bli til funksjonell kommunikasjon. Kommunikasjon skal skje overalt, til alle tider og med mange ulike menneske.

Fase 3. Symboldiskriminering

Her skal barnet lære at symbolet på kortet eller lappen har noko å seie for kva han/ho får. I denne fasa øver barnet på symbolforståing, og vi gjere oss erfaringar om barnet sine føresetnadar for å lære symbol. Symbola blir sett inn i ein PECS-perm.

Symboldiskriminering i fase 3. Foto: Anita Sande.

Fase 4: Enkel setningsstruktur

I denne fasa begynner barnet å bygge enkle setningar på ei «setningsstripe» (raud) som blir overlevert til kommunikasjonspartner (sjå bildet under). I denne fasa er det oftast at vi kan sjå auka bruk av verbalspråk.

Overlevering av setningsstripe i fase 4. Foto: Anita Sande.

Utvida setningar: Dette er ein ferdighet som øvast mellom fase 4 og 5, der barnet lærer å utvide setninga med for eksempel fargar, storleikar, tall o.l.: «Eg vil ha raud drops», «eg vil ha stor kjeks» og så vidare.


Utvida setning. Foto: Anita Sande.

Fase 5: Responder til «Kva vil du ha?»

Her øver barnet seg på å respondere når det blir spurt etter kva det vil ha.

Fase 6: Å kommentere.

Her lærer barnet seg å kommentere for eksempel kva det ser eller kva det høyrer.

Fase 6, kommentering. Foto: Anita Sande.

PECS og andre former for ASK

PECS er ein metodikk som kan vere nødvendig for at barn med ASF kjem i gang med kommunikasjon. Men mange vil trenge å kommunisere på meir varierte måtar enn det PECS-systemet gjev høve til. Det er for eks ikkje så lett å fortelje om hendingar som har skjedd eller skal skje ved hjelp av PECS. Det er også vanskeleg å ha ein dialog ved bruk av PECS.

Statped anbefaler at miljøet rundt barnet gjev barnet tilgang til andre kommunikasjonsformer som gjev tilgang til eit større ordforråd og ein større fridom til å uttrykke seg variert om mange ulike tema. Parallelt med PECS bør miljøet støtte sin verbalkommunikasjon med for eksempel enkeltsymbol, tematavler, kommunikasjonsbøker, «teikn til tale» eller taleteknologi. Når barnet har kome til fase 4, vil barnet ha etablert ferdigheten å peike på symbol for å kommunisere. Dette opnar ofte vegen til kommunikasjon med andre grafiske kommunikasjonsformer.

Mer informasjon om andre grafiske kommunikasjonsformer på statped.no:

Dersom verbalspråket begynner å komme

Forsking viser at mange barn som startar med PECS aukar opp bruken av verbalspråk. Det er veldig viktig at ein då ikkje tek kommunikasjonssystemet frå barnet når orda begynner å komme. La PECS-permen vere tilgjengeleg slik at det er barnet sjølv som bestemmer om det vil bruke symbola (og ikkje miljøet rundt som bestemmer at barnet ikkje treng det). Å snakke er mykje lettare enn å kommunisere med symbol, og barnet vil velje den lettaste måten når det evnar det. Når barnet opplever å lykkast i kommunikasjonen og finne orda (med eller utan symbol) vil lede til meir kommunikasjon, og auke ytterlegare sjansen for å utvikle verbalspråk.

Ta ikkje PECS bort når du innfører ei ny kommunikasjonsform. Dersom ein vurderer at barnet treng meir enn PECS, så jobb inn ny kommunikasjonsform ved sida av PECS, og ta ikkje PECS-permen bort før det nye kommunikasjonssystemet fungerer betre for barnet enn PECS gjorde.

Vil du vite meir om PECS?

Det finst ein brukarmanual til PECS. Denne er engelsk, men er lettlest. Den gjennomgår alle fasene og kjem med forslag til korleis ein kan tilpasse og møte ulike problemstillingar som kan oppstå. Dersom ein skal starte med bruk av PECS, utan tett rettleiing frå nokon som kan metoden, så er det nødvendig å ha tilgang til denne. Nokre PP-kontor har den, og den er også tilgjengeleg å låne frå bibliotek. Perm kan ein også lage sjølv.

Les om PECS på deira nettside.

Se ein film som viser dei ulike fasene i PECS (Youtube). Filmen laga av dei som har utvikla PECS. Filmen er gammal, men innhaldet er like relevant.

Lesetips om PECS

  • Flippin, M., Reszka, S. & Watson, L. (2010). Effectiveness of the Picture Exchange Communication System (PECS) on Communication and Speech for Children with Autism Spectrum Disorders: A Meta-Analys. American Journal of Speech-Language Pathology, 19, 178-195.
  • Frost, L, M:S., CCC-SLP & Bondy, (2002): A The Picture Exchange Communication System. Training Manual. United States by Pyramid Educational Products.

Side 18 av 19