Til hovedinnhold

Om Statped

Årsrapport

Årsrapporten ser attende på året som har gått. Ho er ei melding til Kunnskapsdepartementet om korleis vi har løyst oppgåvene vi fekk i tildelingsbrevet og oppdragsbreva frå dei.

Gode resultat i Statpedundersøkinga og framleis kortare sakshandsamingstid i 2024

Talet på søknader vi fekk om tenester til einskildbrukarar, er stabilt. I 2024 fekk vi det same talet på søknader som i 2022. Dei fleste søknadene fekk vi knytt til samansette lærevanskar (SLV) og synsnedsetjingar.

Sakshandsamingstida klarte vi å gjere endå kortare. Talet på straks-tenester, som er tenester der eit barn eller ein ungdom har ei nyoppdaga utfordring knytt til syn, høyrsel eller erverva hjerneskade, var òg stabilt i 2024. 78 % av straks-tenestene ga vi til barn under fem år. Saman med kortare sakshandsamingstid fortel dette at vi bidreg til at barn og unge får raskare hjelp.

Vi fekk fleire søknader om tenester for å byggje kompetanse i laget kring barnet. Framleis er samansette lærevanskar det fagområdet som fekk flest søknader. Urovekkjande skulefråvær er eit tema vi jobbar mykje med, og vi gjennomførte kompetansepakka om temaet i tolv kommunar.

Annakvart år gjennomfører vi Statpedundersøkinga. Vi spør alle PP-tenester om erfaringane deira frå samarbeidet med oss. Vi spør også alle brukarar, barnehagar og skular som har hatt kontakt med oss i løpet av det siste året. I årsrapporten har vi samanfatta funna frå undersøkinga. Vi får mange gode attendemeldingar, men òg verdfullt innsyn i område der vi kan bli betre.

Last ned årsrapport 2024 (pdf)

Statpeds årsrapportar

Side 6 av 13