Brukarmedverknad

Brukarkunnskap og brukarmedverknad er nødvendig for å utvikle kunnskapsbasert praksis. Brukarråda er rådgivande organ og skal fremje brukarperspektivet i strategisk viktige saker og prosessar for Statped.

Brukarråd

Brukarundersøking

Statped gjennomfører undersøkingar for å finne ut korleis brukarar og samarbeidspartnarar vurderer tenestene våre. Vi omtaler dette som statpedundersøkinga.

I omstillingsperioden 2020–2024 har Rambøll, på oppdrag frå Statped, gjennomført statpedundersøkinga i 2020, 2022 og hausten 2024. Undersøkingane har gitt oss viktige tilbakemeldingar for å sikre at tenestene våre treff behova til brukarane og samarbeidspartnarane våre. Dei har peika på område vi må vere merksame på, eller har potensial for å betre oss.

For å sikre objektivitet og anonymitet hos deltakarane utførte Rambøll undersøkinga for oss. Ho vart send til alle brukarar, skolar og barnehagar som hadde fått tenester av oss i løpet av det siste året. Ho vart også send til alle PPT-kontor i Noreg.

Viktige funn for brukarar og samarbeidspartnarar var dette:

Årsrapportar

Årsrapporten ser attende på året som har gått. Ho er ei melding til Kunnskapsdepartementet over aktivitetane våre, resultat og prioriteringar, og korleis vi har løyst oppgåvene vi fekk i tildelingsbrevet frå dei.