Stemmevanskar

Stemmevanskar er problem med å lage stemme og å bruke ho til å snakke. Ein stemmevanske kan hemme kommunikasjon med andre. Oppsøk hjelp viss stemmevanskane varar over tid. 

Stemmevanskar skuldast forstyrringar i ein eller fleire av funksjonane til stemma:
  • pusten
  • strupen med stemmebanda
  • Resonsansrom (svelget, munnhola og nasen)
Stemma vert danna ved at luftstraumen frå lungene set dei to stemmebanda i strupen i bølgjebevegelse. Ved hjelp av pusten og strupemusklane kan vi kontrollere om stemma skal vere høg eller låg, sterk eller svak. Stemmelyden vert forma i svelget, munnhola og nasen. Når alle funksjonane samarbeider, kan vi bruke stemma.   
Stemmevanskar kjem av skade, sjukdom, overbelasting eller feil bruk av stemma. Problema kan gi smerter, fysisk ubehag, ustabil eller endra stemme. Vanskane kan vare kort eller lenge. Både barn og vaksne kan få stemmevanskar.

Symptom på stemmevanskar

Symptoma på ein stemmevanske kan høyrast og/eller kjennast fysisk. 

Døme på symptom vi kan høyre: 
  • endra stemme, akutt eller gradvis
  • hås stemme
  • monoton stemme
  • svak og kraftlaus stemme
  • skjelvande stemme
  • bortfall av stemme slik at vi berre kan kviskre
  • dobbeltstemme med to ulike frekvensar av stemma samstundes

Døme på symptom ein kan kjenne fysisk:

  • smerter eller ubehag i halsområdet
  • klumpkjensle i halsen
  • trøttleik i halsen når vi snakkar
  • kjensle av å gå tom for luft når vi snakkar
  • trong til å kremte

La lege undersøke stemma

Det er vanskeleg for ein sjølv å vurdere om stemmevansken skuldast overbelasting, feilbruk, skade eller sjukdom. Difor er det viktig at lege undersøker kvifor stemma ikkje fungerer som ho skal.   

Kontakt fastlegen dersom du har eit eller fleire av symptoma ovanfor i meir enn to veker utan å vere forkjøla eller å ha halsbetennelse. 

Fastlegen tilviser vidare til øyre-, nase-, halsspesialist som vil undersøke forholda i strupen nærare. Undersøkinga er særs viktig for å finne ut om årsaka til stemmevansken skuldast sjukdom som krev medisinsk oppfølging, som operasjon. Øyre-, nase-, halsspesialisten kan tilvise til oppfølging hos logoped.
Her kan du lese meir om ulike typar stemmevanskar.