Til hovedinnhold

Om Statped

Statpeds samfunnsmandat er å bidra til at barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov får høve til å vere aktive deltakarar i utdanning, arbeid og samfunnsliv.

Statped er eit direktorat underlagt Kunnskapsdepartementet. Hovudoppgåva vår er å levere gode tenester innan spesialpedagogikk, teiknspråkopplæring og læremiddelutvikling, til kommunar og fylkeskommunar over heile landet. På den måten bidreg vi til at dei som er tett på barn og elevar med varige, omfattande og komplekse behov for tilrettelegging, er i stand til å gi eit godt tilpassa tilbod i ein inkluderande fellesskap.

Statped gir landsdekkjande tenester til samiske brukarar på fagområda våre gjennom Samisk spesialpedagogisk teneste (SEAD). Statped har også den statlege skuleeigarskapen for Diamanten skule for elevar med døvblindskap. På fagområdet døvblindskap tar Statped seg av eit oppdrag frå Helse Nord, og vi er ein del av Nasjonal kompetanseteneste for døvblinde (NKDB).

Vi gir faglege råd til Kunnskapsdepartementet i saker som gjeld barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov og fagområda våre, og systematisere kunnskapen vår slik at han kan bli relevant for politikkutviklinga til departementet.

Statped sine tenester er ikkje lovpålagde. Tenestene har bakgrunn i barnehagelova og opplæringslova. Tenester til vaksne har bakgrunn i opplæringslova § 4A-2.

Statped skal arbeide etter desse måla

Kunnskapsdepartementet (KD) styrer Statped. Tildelingsbrevet frå KD er Statpeds overordna styringsdokument.

Hovudmål 1: Kompetansebygging

Kommunar og fylkeskommunar får tenester og støtte til kompetanseutvikling som fremjar læring, utvikling og deltaking i eit inkluderande fellesskap til barn og elevar med varige og komplekse spesialpedagogiske behov.

Hovudmål 2: Opplæring

Barn og elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk er inkluderte både i eit norsk/samisk og eit norsk teiknspråkleg fellesskap.

Hovudmål 3: Læremiddel

Kommunar og fylkeskommunar har tilrettelagde læremiddel og pedagogisk materiell som fremjar læring, utvikling og deltaking for teiknspråklege, blinde og sterkt svaksynte barn og elevar i ein inkluderande fellesskap.

Diamanten skole

Elevar med medfødd døvblindheit ved Diamanten skole har eit tilrettelagt opplæringstilbod og skal få moglegheit til å vere aktive deltakarar i eiga læring og utvikling.

Her kan du lese gjeldande tildelingsbrev 2024 (PDF).